Tøff marknad for fleire verft: – Prisane er pressa

Nyheter
886

Stor variasjon i årsresultat blant norske verft som betener oppdrettsnæringa.

– Det er ein veldig tøff marknad med prispress. Det er marknaden som styrer sjølv, så det er ikkje anna å gjere enn å bli betre og verta den foretrukne leverandøren. Me kan ikkje gå på akkord med pris.

Slik lyder beskjeden frå dagleg leiar ved Risnes Marine Craft, Ronald Hellenes. Selskapet hans har drive med service på fritids- og arbeidsbåtar på verftet i over ti år.

– Låg etterspurnad
I 2017 gjekk dei 707.000 kroner i minus, men i 2018 har Hellenes eit håp om å gå i pluss.

– I år har me eit håp om å gå i pluss. Det er låg etterspurnad på arbeidsbåtar på rundt 15 meter, men det kan òg skuldast andre ting. Det er ikkje sikkert det er likt for alle. Det er hard konkurranse i denne bransjen, så dei fleste går i minus som følgje av prispress, seier han.

Bølgjedalar
Aas Mekaniske Verkstad, som byggjer brønnbåtar, derimot, fekk ein EBIT på 113,9 millionar kroner. Dagleg leiar, Halvard Aas, fortel om ein brønnbåtmarknad som går opp og ned.

– Det går i bølgjedalar og det har det alltid gjort. Me har vore i denne marknaden i mange år, og historisk sett går det i bølgjedalar. Per i dag har me fem brønnbåtar under bygging, så me er i ein god situasjon, seier han.

Året i år vert likevel ikkje like godt som i fjor.

– I år vert resultatet minimalt, legg han til.

– Det kun reperasjon og service i år. Me fekk eit hol på nybygg i år, men etter det – i løpet av eit par månadar – er det full rulle, seier Aas.

Sertifikatkrav
Hellenes trur nye sertifikatkrav på båtar under 15 meter gjer at etterspurnaden for større arbeidsbåtar har gått ned, medan det er større interesse for båtar på under åtte meter.

– Regelen trer i kraft frå og med 2019. Er den under åtte meter har oppdrettarane høve til å bruke den med ferievikarar og lærlingar. Om ein går over åtter meter, er kostnadane, knyt til kursing for å få dei sertifiserte, omfattande, seier han.

Risnes Marine Craft har ni båtar i ordre per i dag, mot tre på same tidspunkt i fjor.

Terje Andreassen. FOTO: Moen Marin.

Vekst for Moen Marin
Terje Andreassen i Moen Marin fortel om andre tilstandar for selskapet som omsatte desidert mest av dei verfta iLaks har gått gjennom.

– Me ventar å levere om lag 35 båtar i år, seier han, og legg til at fjoråret endte med 28-30 nybygg.

Vekst i etterspurnaden
– Marknaden ser bra ut, og er – som venta – på nivå med fjoråret, legg han til.

Andreassen merkar og konkurransen, men er ikkje blant selskapa som har gått i minus.

– Me har hatt kraftig vekst, men det har òg vore ein stor vekst i etterspurnaden, seier han.