Tirsdag går 308 tonn organisk «oppdrettsgjødsel» til Vietnam

Nyheter
3047

Eit felles prosjekt mellom Marine Harvest, Skretting, IVAR, Scanship og Høst har resultert i pilotleveranse til Vietnam. – No skal gjødsel av oppdrettsslam industrialisert, seier selskapa.

Problem vert ressurs. Slik kan ein beskrive prosjektet som nyttar slam frå oppdrett og innbyggjarar i Stavanger til å produsere verdifullt landbruksgjødsel.

Selskapa har drive med fiskeslam-prosjektet i eit halvt år, og tirsdag går første leveranse med 308 tonn gjødsel til Vietnam.

Dokumentert effekt
– Me har dokumentert gjødselen sin verdi, næringsinnhald og eigenskapar. Me har fått eit godt grunnlag, og konkluderer med at dette er ein ressurs. Me har brukt råstoffet, som me kallar det, som ein del av eit samansett gjødsel me har produsert hos IVAR (Interkommunalt vann, avløp og renovasjon) i Merkjarvik. Gjødselen er basert på innhald av overskotsbiomassen hos Marine Harvest sitt setjefiskanlegg i Steinsvik, seier Erik Norgaard, mikrobiolog i Høst.

– Resultata ser lovande ut. I det første forsøket kjem fiskegjødselet litt bedre ut enn vanleg kyllinggjødsel, seier han vidare.

Saka held fram under biletet.

F.v Erik Norgaard (Høst), Olav Marvik (IVAR), Lars Rohold (ScanShip), Harald Steffensen (Skretting) og Frode Jåsund (Skretting). FOTO: Leif Kjetil Skjæveland/Skretting.

Løyst utfordringane
Ideen om å omgjere oppdrettsslam til gjødsel er ikkje ny, men problemet har vore å tene pengar på det. Kommunikasjonssjef i Skretting, Leif Kjetil Skjæveland, skisserer opp tre hovututfordringar: Korleis får ein det samla inn? Veks planten på dette? Vil folk betale for gjødselet?

Det har dei no løyst. Skretting tek med seg slam med fôrbåten på «heimvegen», gjødselet fungerer og dei opparbeidd seg ein kundebase i Vietnam. No har dei planar om å produsere 400-600 tonn i månaden, som skal seljast til Vietnam, kor organisk gjødsel typisk vert seld for om lag 1800 kroner pr. tonn.

– Dette er eit pilotprosjekt, og me skal sjå om det fungerer. Det gjer det. Seinare skal det bli industri, seier Skjæveland.

Ettertrakta i Vietnam
Organisk gjødsel er nemleg svært ettertrakta i det søraust-asiatiske klimaet.

Kommunikasjonssjef i Skretting, Leif Kjetil Skjæveland. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Organisk materiale brenn fort opp i jorda, så der er dei oppteken av å få tak i slikt gjødsel. I tillegg er det slik at i Norge regnar det så mykje at fosforen renn ut i vassdraga, medan det i Vietnam går oppover. Vatnet fordampar, og då ligg saltane igjen på overflata av jorda og gjer den dårleg, mikrobiolog Norgaard i Høst.

– Me lagar gjødsel basert på behovet i landbruket. Ein kan skreddarsy ein gjødselplan basert på næringsbehovet. Då nyttar ein ikkje ein type gjødsel der det ikkje er behov. Me har ein kirurgisk tilnærming til det, seier seier agronomutdanna Frode Jåsund i Skretting.

Frakta til Vietnam
Frakten til Vietnam skjer via asiatiske lasteskip med overkapasitet på heimvegen. Ifølgje selskapa vert ikkje CO2-regnskapet så annleis samanlikna med lastebiltransport.

– Det vert òg rimelegare enn å frakte til kornåkrar på Austlandet, seier Skjæveland.