Bakkafrost-anlegget i Borðoy vil ha heile 29.000 m³ i karvolum. Her skal dei produsere smolt på 500 gram.
Det vanvittige anlegget, som er heile 320 meter langt, skal stå klart tidleg 2019. Her skal dei produsere 7,5 millionar fisk, med snittvekt på 500 gram, i året.
– Me satte inn første generasjon 19. juni. Andre generasjon kom for to veker sidan. Den første fisken skal setjast ut august 2019, seier driftsleiar ved anlegget, Rógvi Jacobsen, til iLaks.
Han er bror av administrerande direktør i selskapet, Regin Jacobsen.

Større smolt
Anlegget har ein prislapp på om lag 700-800 millionar danske kroner, ifølgje Regin Jacobsen. Det utgjer om lag éin milliard norske kroner.
– Det er veldig viktig for Bakkafrost å få dette anlegget på plass. For å auke storleik på smolten til 500 gram, er me nøydd til å ekspandere smoltanlegga me har. I tillegg til å byggje dette – som er eit nytt anlegg, seier Rógvi Jacobsen.
Tre mål med investeringane
Selskapet vart påbyrja i 2016, og er ein del av eit større finansieringsprosjekt på om lag tre milliardar danske kroner.
– Det er tre mål me har med denne investeringsplanen, seier Regin Jacobsen til iLaks, og presiserer:
– Det første er å redusere biologisk risiko i våre operasjonar.

– Det andre er at me aukar effektiviteten, slik at kostpris og konkurranseposisjon kan oppretthaldast òg i framtida.
– Det tredje er berekraftig vekst. Innan dei neste 10-15 åra skal me ha ein gjennomsnittleg vekst i produksjonen på 3-5 prosent. Det skal skje ved at me ikkje utnyttar naturen meir enn den klarar.
Rógvi Jacobsen fortel om ulike miljøtiltak.
– Slammet vert samla opp og nytta i eit biogassanlegg som me skal bygge, seier han.

– Mest avanserte anlegget me har
Bakkafrost seier at det vert verdas største smoltanlegg når det er klart i 2019, målt i karvolum. Ein oversikt iLaks gjorde i vår viser likevel at Nordlaks’ anlegg i Hamarøy vert like stort.
På dette anlegget har dei alt, opplyser Rógvi.
– Fordelen ved å bygge nytt anlegg er at ein får optimalisert alt. Me har ti ulike fasilitetar her. Her er klekkeri, startfôring, karhall C, D, E, F, G, H, I og J. Dette er det mest moderne og avanserte anlegget me har, seier han.