– Synest synd på dei som startar med oppdrett av rognkjeks i dag

Nyheter
3047

Talet på rognkjeksprodusentar i Norge har skote i vêret dei siste åra. Lars Jørgen Ulvan i Nordland Rensefisk trur det vert krevjande å starte opp i 2018.

Tysdag skreiv iLaks om vanvittige marginar hos rognkjeksprodusentane i 2017. Òg i 2018 er etterspurnaden høg, og stadig fleire ser moglegheiter i det populære lusevåpenet som den blå leppefisken er.

Prisen går nedover
Ifølgje Ulvan er det nærare 40 produsentar av rognkjeks per dags dato.

– Me ser at det byrjar å bli ein del produsentar, at prisen går nedover og at det er mange som tilbyr. Det vil me merke, seier Ulvan til iLaks.

Sjølv er dei eigd av Nova Sea, SinkabergHansen, Midt-Norsk Havbruk, Marine Harvest, Bjørøya Fiskeoppdrett og Salmonor.

Godt over 20 kroner per fisk
– Me har ei sterk eigargruppe som tek den fisken me lager, seier Ulvan. Han opplyser vidare at dei har minimalt med fisk på spot-marknaden – om lag éin prosent.

– Me har ein avtale med eigarane som er marknadspris. Den er storleiksavhengig, men me får godt over 20 kroner per fisk, legg han til.

Nordland Rensefisk vart skipa allereie i 2010, og har sidan produsert ulike artar leppefisk til oppdrettsnæringa.

No byrjar marknaden å spisse seg, og selskapet merkar behovet for å gjere seg attraktive.

– Me må berre klare å produsere enno meir robust og sterk fisk, og at me eventuelt kan byrja å bruke ein avla fisk som er enno meir effektiv, seier Ulvan.

Vanskeleg å selje på spot
– Eg synest synd på dei som skal starte opp no. No er det sikkert 30-40 produsentar allereie. Det er veldig mange som produserer rognkjeks, og det byrjar å gå mot ein metning, seier Ulvan.

Han presiserer:

– Om ein ikkje har ein kunde klar, så er det vanskeleg å selje på spot no. Både me – og dei fleste produsentane – produserer så mykje me kan og produserer fisk heile året.