Alsaker Fjordbruk er eit solid havbrukskonsern i stadig vekst. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har omlag 1 milliard kr. i omsetnad. Me er i overkant av 200 tilsette i Hordaland og Rogaland, som jobbar hardt og målretta for å halda fram den gode utviklinga. Kjekt har me det óg! Les meir om oss på www.alsaker.no
ALSAKER FJORDBRUK er ein av landets største produsentar av yngel og smolt. Me har 5 settefiskanlegg i konsernet; Bjølve Bruk i Kvam, Fjon Bruk i Sveio, Bolstad Bruk i Fusa, Onarheim Bruk på Tysnes og Salar Bruk i Meland Me har nyleg avslutta ei stor utbygging av vår yngel- og smoltkapasitet. Dei siste åra har me bygd opp produksjonen frå å berre vera sjølvforsynte med settefisk, til å verta ein betydeleg ekstern leverandør av yngel og smolt med ein produksjonskapasitet på 3000 tonn smolt. Vår Salgssjef Smolt søkjer nye utfordringar, difor søkjer me no etter;
SALGSSJEF SMOLT
Arbeidsoppgåver:
• Salg av yngel og smolt gjennom vedlikehald av eksisterande, og utvikling av nye kunderelasjonar
• Førebuing, gjennomføring og oppfyljing av leveransar
• Andre oppgåver relatert til smolt
Me søkjer etter deg som
• har gode produktkunnskapar
• er strukturert, målretta og systematisk
• er utadvendt og har gode kremmareigenskapar
• vert motivert av måloppnåing og gode resultat
Me kan tilby deg
• Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• Ein trygg arbeidsplass i eit solid, regionalt forankra konsern
• Deltaking i utvikling av verksemda sin smoltproduksjon
• Konkurransedyktige vilkår
Dette er ei utfordrande stilling i ein krevjande og spanande bransje. Stillinga medfører betydeleg reiseaktivitet og vil rapportera direkte til adm. dir. Kontorstad, løn og tiltreding etter avtale.
Spørsmål vedrørande stillinga kan rettast til adm. dir. Gerhard Meidell Alsaker, tlf. 53 43 01 10 eller 90 10 5000 Send søknad med CV og relevante vedlegg på e-post til [email protected]
Søknadsfrist er snarast og innan 15. september 2013