Sterk brønnbåtmarknad etter «labert» første halvår

Nyheter
778

Sølvtrans slit med å betene alle førespurnadane, ifølgje administrerande direktør, Roger Halsebakk.

– Og slik trur eg det kjem til å vere i lang tid framover, seier Halsebakk til iLaks.

Sølvtrans sterkast
Ein gjennomgang av alle Norges brønnbåtselskap viser stabil vekst frå 2016 til 2017. Også i 2018 er etterspurnaden stor, skal me tru dei ulike selskapa.

Medan Rostein er selskapet som omset mest, er det Sølvtrans som stikk av med sterkast margin.

Med ein EBIT-margin på 46,7 prosent, er det langt ned til Rostein på andreplass.

Likt som i fjor for Frøy Rederi
Medan Frøy Rederi sine båtar går på faste kontraktar, har både Sølvtrans og Rostein fleire båtar i spot-marknaden.

– Eg kan ikkje snakke på vegne av dei andre, men me har hatt fullt opp på dei tre båtane me har hatt i spot-marknaden, seier Halsebakk.

– For oss, som stort sett har kontraktar, er det likt som i fjor, seier Helge Gåsø, administrerande direktør i Frøy Gruppen.

Kaldt i sjøen første halvår
Odd Einar Sandøy, dagleg leiar i Rostein, kommenterer:

– Me nyttar ein blanding av spot og rammeavtalar, men ingen som går 100 prosent i spot-marknaden. Men ein merkar at det er god aktivitet.

Han presiserer at det ikkje har vore like godt i heile år.

– Første halvår var det labert og kaldt i sjøen. Det har teke seg opp no andre halvår, så det er stor aktivitet.

Meir usikker på framtida
Dei to brønnbåtkjempene får støtte av Børge Abrahamsen, administrerande direktør i Seistar Holding, som driftar «Mowi Star», «Seigrunn», «Seihav» og «Seivåg».

Seihav.

– Det er omtrent likt som i fjor, og prisnivået er stort sett det same, seier han.

Han er likevel meir usikker på kva framtida vil bringe.

– Det er vanskeleg å vite kva veg marknaden tek. Det vert bygd mykje tonnasje, så det vert større press. Dermed er det er ikkje gitt at marknaden vert særleg sterkare. I tillegg kjem bløggefartøya som skal leverast, seier han.

– Kundane kan ikkje vere utan båt
Ålesund-baserte Sølvtrans har allereie 22 båtar i drift, medan dei får fire nye båtar i 2019. To av dei skal gå i Norge.

– For oss ser det ut til at det kjem eit stort press på å greie å stille båt – i lang tid framover. Me klarar ikkje betene alle førespurnadane, seier Halsebakk.

Dei har gjort eit bevisst val om å ha båtar tilgjengeleg i spot-marknaden for å trygge langtidskundane sine.

– Me har veldig mange kontraktar, men ein veit aldri kva som skjer. Får ein uhell, så er det viktig å ha båtar ein kan setja inn. Kundane kan ikkje vere uten båt, seier han.