Det er mange som spår ei god tid for laksenæringa dei komande åra.
På North Atlantic Seafood Forum i Bergen prøver sjefanalytikar i Kontali Analyse, Ragnar Nystøyl, å vise kva som er årsaka til den fantastiske veksta for lakseprisen.
Nystøl forklarer at i løpet av pandemien har restauranter vert stengt, og dermed har store delar av laksen blitt solgt til detaljhandel. Dette har gjort at ein har inngått langvarige kontraktar.

Restaurantane som er meir villig til å betale spotpris kjem nå tilbake. Det har skapt eit solid auke, og spotprisen er nå stabil rundt 100 kroner for laks, blant anna fordi det er mindre fisk i spotmarknaden.
Dette har ein effekt på aksjemarknaden. Carl-Emil Kjølås Johannessen, aksjeanalytikar i Pareto Securities, viser at ein slik pris me har i dag vil være med på å gjere aksjene til næringa meir interessante som investeringsobjekt.
– Lakseprisen er den største drivaren for verdien av lakseselskapene, og den er drevet av negativ tilbodsvekst, sterk etterspurnad og inflasjon, fortel Kjølås Johannessen.
Han viser til tal som seier at ein mest sannsynleg ikkje vil klare å dekkja etterspurnaden med den tilbodsveksten ein har i dag.

Sjømatindustrien var på rundt et prosent av Oslo Børs i 2005 til at den i dag utgjer 12 prosent, så har viktigheita av sjømatindustrien endra seg betrakteleg.
– Sjømat har blitt ein viktig sektor på Oslo Børs, seier Christian Jomaas, administrerende direktør i Pareto Securities.