Sommaren henta igjen kuldebølgja – no er fôrsalet til Skretting normalisert

Nyheter
905

Skretting sine 2018-prognosar er justert til ein vekst på fire prosent.

Norsk sommar betyr god butikk. Ikkje berre for Hennig-Olsen og solkremprodusentar, men òg for laksefôrleverandørar.

Gode temperaturar
Laks får optimal vekst ved temperaturar mellom 13 og 17 grader, og store delar av landet ligg mellom 11 og 15 grader i veke 27, ifølgje Lusedata.

Kommunikasjonssjef i Skretting, Leif Kjetil Skjæveland. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Me har heilt optimale temperaturar, seier kommuikasjonssjef i Skretting Norge, Leif Kjetil Skjæveland, til iLaks.

I februar skreiv iLaks om kuldebølgja som påverka fôrsalet til Skretting negativt. Medan kaldlufta frå Sibir råka store deler av Norge i februar og mars, tok sommaren oss med storm i mai.

– Fram til og med april var det ein nedgang i fôrforbruken, i hovudsak som følgje av kalde temperaturar. Nedgangen var på fem prosent frå året før, seier Skjæveland.

Så snur det
– Men så kom den fine, varme sommaren i mai, og då snudde ting seg. I utgangen av mai hadde me henta igjen det tapte, legg han til.

Han fortel at situasjonen er normal igjen, og at dei òg slepp å bekymre seg over for høge sjøtemperaturar til trass for den langvarige sommaren me ser ut til å få.

– I utgangspunktet ser det bra ut. Det er ikkje for varmt no, seier han.

Vekst
– Prognosen for 2018 seier at fôrforbruken vert fire prosent høgare i år enn i 2017. Det skuldast i hovudsak meir biomasse i sjøen, seier han.

Likevel er det eitt uromoment for oppdrettarane og fôrprodusentane.

– Det einaste me ser som er litt bekymringsverdig er PD-sjukdom i sør. Det er ein fare for apetitten, og så risikerer ein døydelegheit, seier han, og legg til:

– Men lusesituasjonen ser nokså bra ut. Den er lik som i 2017.