Søker tre utviklingskonsesjonar: – Miljøvennlig teknologi for heile næringa

Nyheter
2224

I samarbeid med Seafarm Solutions søker Arctic Seafood Group  om tre utviklingskonsesjonar for produksjon av rød fisk. Målet er å utvikle eit konsept med enkel og miljøvenleg teknologi som kan brukast av heile næringa.

Ei femdobling i produksjonen av oppdrettsfisk innan 2050 har vore lansert som eit mål i mange samanhengar, men vil ikkje bli realisert med dagens produksjonssystem. For å få det til, må ein tenke nytt, og konseptet som blir presentert i søknaden frå Arctic Seafood Group  inneber nye teknologiske løysingar, der både miljø og kostnadar står i fokus.

Skal sikre at alle får tilgang på kunnskap
Dersom vi klarer å utvikle lønsame konsept som handtera kreftene som kan virke på eksponerte anlegg, på same tid som vi også tenker på miljøet og på fiskehelsa, vil det vere med å gjere den planlagde veksten oppnåeleg.

-Seafarm Solutions  vil ha eigeninteresse av at biomassen i norsk oppdrett kan aukast. Med dette utgangspunktet vil vi i omsøkte prosjekt legge opp til å sikre at bransjen og offentlegheita raskast mogeleg får tilgang på kunnskapen som vert opparbeida. Det vil medføre at fleire aktørar kan ta heile, eller delar av erfaringane i bruk på andre prosjekt, noko som vil vere med å auke den totale veksten, seier styreleiar Hans Runshaug i ei pressemelding.

Eit viktig moment er å kunne utvikle nye løysingar som vil vere lønsame med lakseprisar på nivå som ein kjenner frå før. Dette er ei slik løysing, seier Runshaug.

Todelt konsept
Søknaden om tre utviklingstillatingar frå Arctic Seafood Group presentera eit to-delt konsept for tilvekst i sjø. Første fase består av eit lukka system for smolt frå rundt 100 gram opp til 700 gram. Fase to er ei open nedsøkkbar merd som skal huse fisken fram til slakt.

Elementa med eit lukka og eit opent nedsøkkbart system heng saman i produksjonsmodellen og vil kunne dra nytte av nye areal innaskjers, og meir eksponerte lokalitetar utaskjers.

-Det betyr at vi kan utvide areala for produksjon av laks, både i fjordområda og i ytre farvatn, seier Runshaug.

Lukka merdsystem med presenning
Det er store føremoner med å kunne lokalisere oppdrett inne i fjordsystema våre, men det medfører mellom anna at ein må få til gode system for oppsamling av sediment, og hindre lusepåslag. I tillegg må ein redusere risikoen for rømming. Eit vellykka prosjekt vil innebere at ein finn løysingar på dei problema som i dag hindrar auka akvakulturbiomasse i fjordsystema. Dersom biomassen kan aukast, vil det medføre ein vesentleg auke i verdiskapinga for små og store havbruksselskap.

Sentrale element i lukka produksjonsfase er oppsamling av slam, utestenging av lusa, oppsamling og reinsing av avløpsvatn, og ikkje minst optimalisering av fisken si velferd og helse.

Det finst ulike typar presenning i marknaden og det er ikkje bestemt kva type som skal brukast i denne samanhengen. På dette området vil Arctic Seafood Group AS samarbeide med dei beste i marknaden, og ein skal finne den optimale løysinga gjennom utviklingsprosjektet.

-Det mest spesielle med denne lukka løysinga for postsmolt er at den kan brukast på forholdsvis eksponerte lokalitetar, sjølv om teknologien er enkel. Det heile handla om å ta i bruk sjøen sine eigne element og ikkje stritte imot krefter frå sjøen, men i staden fungere med dei, seier Runshaug.

Nedsøkkbart opent system
Del to av konseptet er ei open nedsøkkbar merd som kan brukast på meir eksponerte lokalitetar. Heile anlegget, inklusiv flytekragen vert senka ned, og fortøyingssystemet er sjølvstabiliserande. Det inneber at merda vil halde seg vassrett og ein skjermar anlegget frå dei største kreftene som verkar i overflata.

-Vi snakka difor ikkje om ei månelanding med denne løysinga. Det er jordnært og fleire av løysninga bygge på kjent teknologi, samstundes som prosjektet har stor innovasjonshøgde, seier Nicolaj R. Weiergang i Arctic Seafood Group. Ofte er det dei enkle, smarte løysingane som blir vinnarane.

Runshaug legg til at prosjektet har kome hit gjennom ein gigantisk innsats frå gründerane Morten Aga og Claus Søberg/Vestlandske Industrimontasje, i kombinasjon med god støtte frå Innovasjon Norge og tidlegfase kapital frå Sarsia Seed.