Snart er Napier sin andre prosessbåt klar: – Det er betydelege forbetringar i teknologi for kvar båt

Nyheter
1646

«Taupo» skal gå for SalMar frå 1. januar.

– Sjølv om konseptet ikkje er nytt, så vil «Taupo» vere ein av dei første båtane som er designa og bygd berre for dette formålet. SalMar har alltid vore i front på test av nye metodar som skal optimalisere drift, og me ser eit potensial i dette og ynskjer å teste det ut i eigen organisasjon, seier Olav-Andreas Ervik, administrerande direktør i SalMar, til iLaks.

Rivande utvikling
Bømlo-reiarlaget Napier har på sitt vesle kontor ved Langevåg på sør-Bømlo blitt verdsleiande på prosessbåt-teknologi med sin «Tauranga». No vert den andre i rekka, «Taupo», snart klar. Neste sommar kjem «Taupiri».

– Den har me ikkje kontrakt på enno, så det jobbar me med, seier dagleg leiar i Napier, Kjetil Tufteland, til iLaks.

– Kvar båt har betydelege forbetringar i teknologi. Vasketid og alt går ned på kvar båt. Det ei rivande utvikling, men dei ser tilsynelatande like ut.

Saka held fram under biletet.

Dagleg leiar i Napier, Kjetil Tufteland. Her utanfor kontorbygget ved Langevåg på sør-Bømlo. FOTO: Ole Alexander Saue.

Bratt kurve
– Korleis kan det vere så stor skilnad mellom to båtar som vert ferdigstilt med eit halvt års mellomrom?

– Dette er så nytt, så grafen går bratt oppover i byrjinga. Deretter vil det flate ut. Brønnbåtar er utvikla over 40 år, så der er det liten forskjell frå ein båt til ein annan.

Både «Taupo» og «Taupiri» vert bygd lokalt hos Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) på Fitjar, kor Tufteland er født og oppvaksen. For knapt to veker sidan vart «Taupo» sjøsett, og allereie i byrjinga av desember skal båten prøvast ut, før den skal gå på kontrakt for SalMar frå 1. januar.

– Her er det berre å henge med
Verftsdirektør Hugo Strand meiner det er stor utvikling i oppdrettsbåtar, og at teknologien berre vil bli betre og betre. Dei byrja med arbeidsbåtar i 2010, og signerte sin første avtale for brønnbåtbygging i 2014.

– Me trur at det vil vere behov for både brønn- og prosessbåtar. Det vert berre meir og meir fokus på fiskevelferd, helse og kvalitet. Det er då ny tonnasje, fabrikkar og metodar for avlusing kjem. Det er heile tida i utvikling. Me trur ikkje utviklinga har sett sin ende. Det er ein haug med faktorar som driv fram betre båtar, nye løysingar og betre utstyr. Her er det berre å henge med, seier Strand til iLaks.

Saka held fram under biletet.

Hugo Strand ved Fitjar Mekaniske Verksted. FOTO: Ole Alexander Saue.

Ervik i SalMar opplyser til iLaks at dei sjølv vurderte å kontrahere eigen brønnbåt, men endte til slutt opp med Napier sin «Taupo».

– Me landa på at me på noverande tidspunkt er betre tent med å la dei som er spesialistar på dette fagfeltet ta seg av bygging og drift av både brønnbåtar og prosessbåtar, seier Ervik til iLaks.

Framtida?
Dei har enno ikkje vurdert fleire båtar med tilsvarande teknologi. Likevel er dei klar over at dette er teknologi som kan endre oppdrettsnæringa betydeleg.

Olav-Andreas Ervik er konsernsjef i SalMar. FOTO: SalMar

– Er dette framtida?

– Det vil tida vise. Erfaringane me haustar med Taupo vil etter kvart gi oss ein god peikepinn på dette, seier Ervik.

Tufteland i Napier fortel til iLaks at det er stor interesse for prosessbåtar, til trass for at han enno ikkje har fått kontrakt på «Taupiri».

– Det er veldig stor interesse. Det vert meir og meir utfordringar i sjøen. Det aukar på, og på Vestlandet har me mykje biologiske utfordringar med PD og lusebehandlingar. Så her krevjar det ein sterk fisk for å stå gjennom det. Det er utfordringar ved å frakte den levande til slakteri, så med mange PD-soner og ILA fleire plasser er dette bra greier, seier han.