Slik skal Schenker gjere det enklare å eksportere laks til Kina

Nyheter
581

Transportgiganten har etablert eit nettverk i Kina for å betre lojaliteten mellom importør og eksportør.

– Eg trur det hjelp norske eksportørar å binde opp lojaliteten til importørane. Me har folk i Kina som pratar språket der, og som har dialog med importørane. Me får til dømes førespurnadar frå importørar, via Schenker Kina, om at dei ynskjer å kjøpe frå ein gitt eksportør. Det vil auke lojaliteten.

Det seier Morten Würgler, sjef for flyfrakt i DB Schenker, til iLaks.

– Schenker Kina har i 2017 har etablert eit nettverk kor me har kontakt med importørane og tilbyr dei tenester lokalt, legg han til.

– Har kapasitet
Førre veka kom nyheita om at Kina fjerner eksportrestriksjonane frå fylkene Nordland, Troms, og Nord-Trøndelag. Det er Würgler svært glad for.

– Det er veldig positivt. No er det langt fleire eksportørar som har moglegheit til å eksportere til Kina. Det vil forhåpentlegvis gi ein vekst, i og med at det vert tilgang til meir fisk som kan gå til Kina, seier han vidare.

Og Schenker står klare til å ta imot auka aktivitet.

– Me har kapasiteten. Om me ikkje har den lokalt, så har me den i Skandinavia/UK/fastlands-Europa. Dette tek me på strak arm når marknaden er klar, seier han til iLaks.

Skal bidra til lojalitet
No vonar han òg at selskapet skal gjere kvardagen for norske eksportørar og kinesiske importørar enklare.

– Teneste me tilbyr lokalit i Kina er til dømes fortolling, oppfølgjing og distribusjon. I tillegg har me dialog med enkelte importar som ynskjer å handle laks. No er det eksportør, han som sel fisken, som leverer den rett til flyplassen i Shanghai. Då veit dei naudsynlegvis ikkje kva som kjem, seier han vidare.