Sjokkprisar på straum kan gjere det vanskeleg for prosjektet til Baring Farsund

Nyheter
0

Straumprisane kan gjere det utfordrande for landbasert nykommar på Sørlandet.

Det er venta at prisane på straum på Sørlandet kan auka endå meir enn dei allereie er i dag. Prisen i dag er 3,44 kroner per killowatt time, som er ei auke på 845 prosent på bare eit år. Dette kan slå hardt ut for oppdrettarane på land, som brukar mykje straum i sin produksjon.

Baring Farsund held på med å etablera seg, og skal etter planen til med bygging i løpet av året på Sørlandet, med sitt landbaserte oppdrettsanlegg. Planen for prosjektet er å produsera postsmolt og matfisk. Det skal produserast 24.000 tonn laks, noko som tilsvarar 250.000 måltid kvar dag.

Høge straumprisar
Sjølv om prisane i dag er høge, er prosjektleiar i Baring Farsund Kjell Arne Møklebust trygg på prosjektet, som skal i gang i 2024.

– Me er ikkje så bekymra for straumprisen som er akkurat no fordi vi ikkje har oppstart før om to år, fortel Møklebust til iLaks.

Det er likevel ei uvisse i lufta då forward-prisen viser at den tyske kraftprisen er på veg oppover det komande året. Denne er svært samankopla med straumsonen på Sørlandet NO2, der mesteparten av straumkablane til utlandet ligg.

Direktør for kraftforvaltning i selskapet Entelios, Andreas Myhre, fortalte til E24 tidlegare i år at forskjellen kjem av at det er svært låg vannstand i magasinene på Sørlandet, og at aktørane på Sørlandet held igjen på vatnet for å ha nok til vinteren.

– Viss dagens forsyningssituasjon fortset går gasslagera i Europa tomme i midten av januar. Då må nokon skru av forbruket, sa Myhre til E24 den gang.

Forward-prisane på tysk kraft. Kjelde: Bloomberg

Optimistisk
– Me tenkjer langsiktig, og har fått ekspertar til å sjå på utviklinga av straumprisen. Dei trur at ho vil stabilisera seg noko, og me har framleis tru på prosjektet, seier Møklebust.

Han er difor fortsatt optimistisk for prosjektet, og har ikkje nokon planar om å endre prosjektet anna enn utsettinga, som kom i vår.

Han meinar derimot at det er viktig at staten kjem på banen, og gir stønad til næringa som fram til nå har måttet ta straumkostnaden for eiga rekning. Han visar òg til dagleg leiar, Gustav Folkestad, i Sævareid Fiskeanlegg som utalte seg svært kritisk til energipolitikken i Noreg til iLaks tidlegare i sommar.

– Det er nok kritisk for andre som allereie er i produksjon for det er vanskeleg å få forteneste med så høge kostnadar, men me er optimistiske for at dette skal gå seg til, avsluttar Møklebust.