Resultatbyks for SinkabergHansen

Nyheter
0

SinkabergHansen er tilbake etter eit noko svakare år i 2020, og bedriften aukar driftsresultatet sitt med 93,7 millionar kroner i 2021.

Det Rørvik-baserte selskapet, med anlegg i Trøndelag og langs Helgeland, forklarer at det er ein høgare pris, lågare produksjonskostnad og auka slaktevolum, som ligg bak. Dei tok også i bruk ny fabrikk på Marøya i juni. Dette medførte at videreforedlingsavdelinga var stengt i overkant av to månadar.

Ny fabrikk SinkabergHansen
Sløyemaskinene i den nye fabrikken FOTO: SinkabergHansen

– Vi har fått betre prisar og fått ned produksjonskostnadene, fortel Svein-Gustav Sinkaberg, CEO i SinkabergHansen, til iLaks.

Snittprisen deira på sal av fisk var i 2021 på 55,16 kroner pr. kilo. Det er opp 6,61 prosent frå 2020. Det same gjeld ikkje kostnadene, som er ned 2,9 kroner pr. kilo. Det skjer sjølv om den nye produksjonsavgifta har auka kostnaden med 0,4 kroner pr. kilo.

Potrett av Svein-Gustav Sinkaberg
Svein-Gustav Sinkaberg. Foto: SinkabergHansen

Bekymret over inflasjon
Sjølv om bedrifta gjer det bra, og prisene er gode akkurat nå, er dei bekymra over prisendringane som skjer i marknaden.

– Det er ei kostnadsutvikling i heile samfunnet, som kan gjer at vi slit med å halde produksjonskostnadane nede. Det er samtidig gode prisar, men vi er bekymra for prissvingninga på fisk skjer fort, fortel Sinkaberg.

På djupvatn
Ein ting han tek spesielt opp arbeidet med å få til drift i djupvatn.

Utsett av fisk i djupvatnanlegg
Frå utsettoperasjonen i djupvatnsanlegget til Atlantis Subsea farming. Foto: SinkabergHansen/Tom Lysø

– Vi har fire lokaliteter i djupet, og vi ser veldig positivt på dette er arbeidet i forhald til lus og fiskehelse, fortel Sinkaberg.

Dette har dei arbeida med gjennom datterselskapet Atlantis Subsea farming. Det har ein utviklingskonsesjon, og har ifølgje han lykkast med å skape eit godt miljø for fisken på havdjupet.

77,3 millionar i utbytte
SinkabergHansen driver 24 matfiskkonsesjoner, der 17 er heileigde. Dei har bedrifter som driv med arbeid i heile verdikjeden frå rogn til ferdig produkt, og sel heile sin produksjon til Lerøy.

Styret valde i 2021 å setje av 77,3 millionar til utbytte til eigarane. Hovudeigarane er Sinkaberg familien med 53,5 prosent av aksjane, og gründer Bjørn Berg-Hansen og hans familie som har 44,4 prosent av aksjane. Det har tidlegare i år vert snakk om at Berg-Hansen familien ville selgje aksjene sine i selskapet.

Sinkaberghansen 2021 2020 Endring
Omsetning 2559,6 2236,0 14,5 %
EBIT 384,4 287,0 33,9 %
Resultat før skatt 399,3 316,8 26,1 %
Driftsmargin 15,0 % 12,8 %
Alle tall i millionar kroner