Servicebåt får støtte til «ELAX»-prosjektet – vil redusere svinn med 100 prosent

1055

Selskapet Servicebåt får tre millionar kroner av Regionale Forskningsfond (RFF) til realisering av eit fullblods nødprosessfartøy.

– Målet med utviklinga av dette konseptet og spesialfartøyet er å oppnå 100 prosent reduksjon av dødelegheit på den fisken som me får tak i etter behandling, seier dagleg leiar i Servicebåt, Mons-Ove Hauge, til iLaks.

Opp mot 100 millionar kroner
– «ELAX», som vert navnet på konseptet, gjeld utvikling av system for skånsam, effektiv og automatisert innsamling av skada fisk etter ein eller anna form for mekanisk behandling på anlegga. Eit fullblods nødprosessfartøy som har løysing for automatisert sortering mellom eventuell allereie daud fisk og den som er skada, men levande, etter slik behandling, seier han vidare.

Han fortel at dei når dei første praktiske gjennomføringane vert gjort – innan hausten 2019 – har dei gjort totalinvesteringar på rundt 80-100 millionar kroner.

Tre milionar kroner
Nyleg vart det altså klart at dei mottek tre millionar kroner frå RFF for prosjektet. Det var maksimal sum dei kunne få, av dei totalt 23 millionar kronene som vart utdelt til åtte nye prosjekt på Vestlandet.

– Me er svært nøgd og takksame for å få anerkjenning og full pott på støtte frå RFF på dette spanande prosjektet, seier Hauge vidare.

Saka held fram under biletet.

Reiarane Magne Hatlevik, Ståle Torsvik og Mons-Ove Hauge. Foto: Servicebåt

– Dette er med og set fortgang i prosjektet. Forskningsmidlar som gir oss pengar til å teste ideane me har kjem godt med. Me er sjølvsagt mest nøgd med vårt eige prosjekt, men me har hamna i ei gruppe med veldig mange gode prosjekt. Så det er kjekt å sjå at me når opp med så mange andre flinke, seier han.

Hav Line Gruppen, med Carl-Erik Arnesen i spissen, fekk òg støtte frå RFF.

Slik fungerer ELAX
Slik forklarer Haugen ELAX-prosjektet:

– Levande fisk vert bedøvd, bløgga fortløpande og lagra på RSW-kjølt tank fram til lossing på slakteri. Då får fisken optimal kvalitet, er kjølt på merdkanten og ferdigkjølt før den kjem til slakteri.

– Prosjektet vil ta for seg kvalitetssikra ferdigutvikling av konseptet og i tillegg fokusere på optimalisering av kvalitet på fisken som kjem frå slik innsamling. Det årlege volumet av slaktemoden storleik som går til ensilasje i dag er estimert til om lag 140.000 tonn. Målet med utviklinga av dette konseptet og spesialfartøyet er å oppnå 100 prosent reduksjon av dødelegheit på den fisken som me får tak i etter behandling.

Han vedgår at målet vert krevjande.

– Målet om 100 prosent reduksjon av dødelegheit er stort, men oppnåeleg ved vårt utstyr. Patent er omsøkt, seier han avslutningsvis.