Dette resultatet gjer at bedriften er på veg tilbake mot rekordåret før pandemien.
I årsberetninga framhevar styret «god produksjon og gode priser», det same som dei gjorde i førre årsberetning.
Seløy Sjøfarm har derimot hatt eit betre år i fjor enn 2020. Då resultatet fall med 55 prosent i 2020 i høve til 2019, og auka med 87,9 prosent i 2021 i forhald til 2020. Det er fortsatt eit stykke frå rekordåret 2019, då resultatet var på 107,1 millionar kroner.
Styret meiner at koronapandemien ikkje har hatt noko effekt på avsetning og prisar i 2021.
Nordlandsbedrifta, basert på Seløy i Herøy kommune, er familieeigd, og blei etablert i 1977. Dei har i dag to konsesjonar for laks og aure, og dei er samlokalisert med ein visningskonsesjon. Selskapet samarbeider også med Bindalslaks med hospitering av fisk på fire konsesjonar, og produserer mellom 3.500 til 7.000 tonn fisk totalt kvart år ifølgje nettsida deira.
Styret har satt av 20 millionar kroner til utbytte, identisk med fjoråret. Oppdrettselskapet er eigd av brødrane Jan Erik og Svein Cato Jakobsen. Seløy Sjøfarm har 17 tilsette.
iLaks har prøvd, men ikkje lykkast i å få ein kommentar frå Seløy Sjøfarm.
Seløy Sjøfarm | 2021 | 2020 | Endring |
Omsetning | 339,4 | 280,9 | 20,8 % |
EBIT | 90,3 | 48,0 | 88,1 % |
Resultat før skatt | 85,6 | 45,6 | 87,9 % |
Driftsmargin | 26,6 % | 17,1 % | |
Alle tall i millionar kroner |