Seks millionar rognkjeks klar for innsats

Nyheter
1417

-Våre produksjonsanlegg skal primært forsyne våre eigne matfiskanlegg med reinsefisk. Vi har bygd opp ein produksjonskapasitet som gjer at vi skal vere sjølvforsynt i høve til dei behova vi ser på kort, og lengre sikt. Dersom behovet aukar, vil vi også kunne auke kapasiteten, seier Stig Nilsen i Lerøy Seafood Group. Selskapet sin strategi er å komme heilt vekk frå medikamentell behandling.

På Rubbestad heilt sør på Senja har Lerøy Seafood Group kjøpt eit landanlegg med 42 mål som tidlegare har vore brukt både til laks, steinbit og torsk. iLaks fekk vere med dagleg leiar Ken Ståle Lindberg og røktar Janita Johansen på omvising. Foto: Kari Johanna Tveit

To hovudanlegg for startfôring av rognkjeks
Lerøy Seafood Group satsar på to hovudanlegg for produksjon av rognkjeks. Det eine ligg på Senja, medan det andre er Norsk Oppdrettsservice i Flekkefjord. I tillegg har dei påvekstanlegg lokalisert på Vestlandet og i Midt-Noreg.

Senja Akvakultursenter på Rubbestad på Senja har eit samarbeid med Akvaplan Niva i Tromsø når det gjeld rogn, og i framtida vil dette samarbeidet også omhandle avlsarbeid på rognkjeks. Her produsera dei yngel for levering til sine eigne påvekstanlegg i Midt-Noreg. I tillegg produsera dei sjøklar rognkjeks til bruk i matfiskanlegg i Midt-Noreg og i Nord-Noreg, når det behovet også melder seg. Vi har svært lite lakselus i Nord men har kjørt storskala uttesting som viser at rognkjeksen er veleigna som luseetar også i Nordnorsk havbruk, seier Nilsen.

Ken Ståle Lindberg er fødd og oppvaksen på Senja. Han er utdanna innan akvakultur og no er han komen heim for å ta ansvar for Lerøy sin produksjon av rognkjeks heilt sør på øya. Foto: Kari Johanna Tveit

Det andre hovudanlegget er Norsk Oppdrettsservise i Flekkefjord. Der dei også har tilgang på stamfisk og rogn frå fiskarane i det området. Her produsera dei yngel for levering til påvekstanlegg i Flekkefjord, Hordaland , som igjen leverer rognkjeks til matfiskanlegga på Vestlandet. Totalt har Lerøy Seafood Group i dag ein produksjonskapasitet som vil gje om lag seks millionar sjøklar rognkjeks i året.

Tre viktige fagområder
Ifylgje Nilsen har konsernet organisert arbeidet med reinsefisk i tre fagområder. Det eine omfattar arbeidet med stamfisk, rogn og yngelproduksjon, og her har dei etablert ei eiga faggruppe som skal drive arbeidet framover.

Dette handlar om å utvikle produksjonsbiologiske metodar for marine artar der vi kombinera teknologi, rett vasskvalitet og biologiske føresetnadar for å skape optimale tilhøve for arten, seier Nilsen.

Janita Johansen har tidlegare jobba med produksjon av torsk på Rubbestad. No er ho tilsett som røktar på Senja Akvakultursenter for å jobbe med rognkjeks. Foto: Kari Johanna Tveit

Det andre fagområder omhandlar påvekstfasen der ein gjer fisken klar til sjøsetting. Her veks den frå rundt 2 gram til rundt 20 gram, og då er han klargjort for å bli ein god luseetar.

Det tredje fagområdet er i fylgje Nilsen ekstremt viktig. Det er eit av dei store utviklingsområda og det handla om tilrettelegging og oppfølgingsarbeid med rognkjeks i merd. Berre det å optimalisere bruken av reinsefisksjul, lengdemeter og kor mange kvadrat som trengs, har dei jobba mykje for å finne ut av. Det omfattar metodar for reingjering av skjul og nøter og om fôringsstrategiar, fôrsamansetning og teknologi for fôring av reinsefisk i sjø.

-Det siste er spesielt viktig for å ha ein sterk og god reinsefisk som klare å ete mykje lus. Det er ikkje så høg næringsverdi i lusa at han kan leve av den åleine, så då må han fôrast med tørrfôr. Lusa blir meir som snaks eller krydder for reinsefisken, og balansen her er veldig viktig, seier Stig Nilsen.

Fiskevelferd må stå i fokus
På same måten som i lakseproduksjon, må fiskevelferd også stå i fokus når det gjeld produksjon av reinsefisk. I tillegg påpeika Nilsen behovet for å jobbe med vaksine, også innanfor dette området. Men her er det leverandørindustrien rundt havbruksnæringa som må trø til med sin kompetanse. Han viser til at det nyleg har kome ei ny furunkulosevaksine som dei håpar skal bli til god hjelp i sesongen som kjem no.

Nilsen framheva også at det ikkje er mogeleg å produsere reinsefisk og tru at den ordnar opp i slike ting sjølv. Dersom dette skal bli bra, må ein bygge opp eit fagmiljø i desse tre fasane, som har høg kompetanse på sine fagfelt. -I Lerøy er vi heldige som har svært kompetente medarbeidarar i heile verdikjeda på reinsefisk. Desse personane utgjer samla den aller fremste fagkunnskapen som fins på rognkjeks. Det gjer at vi har stor tru på at effektiviteten på rognkjeksen vil auke, mellom anna gjennom høgare overleving, og betre eigenskapar for luseeting, seier havbruksdirektøren.

Rognkjeks i påvekstanlegg. Foto: Kari Johanna Tveit

I same badekar
Lerøy Seafood Group samarbeida tett med forskingsmiljøa og næringa elles for å sikre at ein utnyttar dei ressursane som finst innanfor dette fagområdet i Noreg. Når det gjeld lakselus er ein heilt avhengig av at alle samarbeida for å løyse utfordringane.

-Vi oppheld oss i det same badekaret, og vi er heilt avhengig av at så mange om mogeleg lukkast med reinsefiskstrategien sin. Når det gjeld lakselus må vi løfte saman, seier Nilsen. Lerøy Seafood Group er aktiv deltakar i forskingsprosjekt, og i ulike fora der forskingsmiljøa møtes.

Treng ei opprydding
Stig Nilsen er optimist med tanke på at aktørane i havbruksnæringa har auka innsatsen for å løyse utfordringane med lakselus, men det finst også ein del skjær i sjøen, og han føler at strategien frå myndigheitene si side for korleis ein skal jobbe med lakselus-problematikken vaklar.

-Usikkerheita rundt Havforskingsinstituttet sine forskingsprosjekt gjer at næringa også bli usikker på den strategien ein har jobba etter. Det gjeld både lakselusa sin påverknad når det gjeld villaksen, og korleis den påverkar havbruk. Vi gjer vårt aller beste for å følgje dei føreskriftene og krav som myndighetene set, men når politikarane berre held seg til Havforskingsinstituttet sine svært omdiskuterte analyser blir vi sjølvsagt veldig usikker på om det er rett det vi held på med. Mattilsynet på si side helde seg berre til dei politisk vedtekne lusegrensene og har lite blikk for «føre var» tiltak knytt til dyrevelferd. Her er omsynet til villaksen som skal gå først, seier Nilsen og legg til at det som i seinare tid er kome fram i media om forskinga på lakselus, har skapt ei usikkerheit rundt det faglege grunnlaget som næringa føl.

– Dette må det ryddast opp i, særlig no som vi skal få ei stortingsmelding om framtidig vekst i havbruk der lakselus er den viktigaste indikatoren. Den kan ikkje byggast på vaklande teoriar om i kva grad lakselus frå havbruk påverkar villaksbestanden, seierNilsen.

I mellomtida skal vi sjølvsagt fortsette med å gjere jobben slik myndigheitene krev, med eit absolutt minimum av medikamentelle metodar, legg han til.

Rykhus er ikkje overraska
Diskusjonen rundt forskinga på lakselus som i seinare tid har gått i media overraskar ikkje Ketil Rykhus i Sjømat Norge. For han er ikkje dette ny informasjon.

-Tvert imot har det vore med å bekrefta at fokus på lakselusa sin biologi, sjøtemperaturar og tilgjengelege tiltak er rett strategi for å nå målet om vedvarande låge lusenivå. Aksjonsgrenser basert på bevegelege stadium, og sjøtemperaturane si påverking på lusa si utvikling, må vere utgangspunktet for tiltaka. Dette er også kjernen strategien til medlemmane i Sjømat Norge, seier Rykhus. Han meina dei byråkratisk sette lusegrensene og dei førehandsbestemte tidspunkta for smoltutvandring, som ligg til grunn for heile våravlusingsregimet har påverka i negativ retning når det gjeld bruken av legemiddel, resistensutvikling og dyrevelferd.

Rognkjeks som er klar for å jobb i ei laksemerd. Foto: Kari Johanna Tveit