Fekk betre pris for fisken i 2021.
Familieselskapet lokalisert i Hellevik i Fjaler kommune auka i sal og resultat frå 2020 til 2021. Driftsresultatet enda på 20,4 millionar kroner, ein oppgang frå det negative resultatet året før.
Styret peikar på betre prisar som hovudforklaring for framgangen.
«Resultatframgangen kan i stor grad tilskrivast auka gjennomsnittspris på omsett fisk», skriv selskapet i sin årsmelding.
Selskapet har ein eigenkapitaldel på 64.6 prosent av ein totalbalanse på 265,8 millionar kroner.
Bedrifta spanderte ti millionar kroner i utbytte til eigarane i fjor. Investeringsselskapet Regalo, eigd av familien Sandnes, eig 100 prosent av Sandnes Fiskeoppdrett.
Selskapet har ti ansatte.
Dagleg leiar Willy Arne Sandnes ynskja ikkje å kommentera resultatet.
SANDNES FISKEOPPDRETT | 2021 | 2020 | Endring |
Omsetning | 134,5 | 109,8 | 22,4 % |
EBIT | 20,4 | −2,3 | −981,9 % |
Resultat før skatt | 20,6 | −1,3 | −1734,3 % |
Driftsmargin | 15,2 % | −2,1 % | |
Alle tal i millionar kroner |