Salt Ship Design i vekst: – Fiskevelferd og attraktiv pris er nøkkelen

Nyheter
1910

– Det går veldig bra her om dagen, samanlikna med mange andre. Me har mykje arbeid, og har per i dag 14 båtar i ordreboka, fortel administrerande direktør i Salt Ship Design, Arne Stenersen, til iLaks.

Selskapet starta opp på Stord med om lag 12 tilsette i 2012. No har dei drygt 30 tilsette i dei topp moderne lokala på Sunnhordlandskaien i Leirvik sentrum, medan dei nei no òg har ei avdeling i Polen med om lag 45 tilsette.

Skipsdesignar-selskapet byrja i det små, og leverte i byrjinga design retta mot offshore-segmentet. Kjapt fekk dei oppdrag hos verdskjende selskap som Eidesvik og Østensjø. Då oljekrisa inntraff seinhausten 2014, satsa dei for alvor i oppdrettsnæringa.

Maersk-bestilling i 2014
Det var likevel då Maersk dobla ordrelista til det då to år gamle selskapet, hausten 2014, ved å bestille seks ankerhandteringsskip (AHTS), at porteføljen deira for alvor tok form.

– Det er klarta det vart lagt merke til, seier Stenersen.

– Første fase for oss var å etablera oss innan offshore og å få ein portefølje. Deretter byrja me med fiskebåtar, legg han til.

ADMINISTRERANDE DIREKTØR: Arne Stenersen i Salt Ship Design. FOTO: Ole Alexander Saue.

Ny kunnskap
Då dei gjekk inn i akvakultur, var det éin ting som gjaldt: Dei måtte fornya kunnskapsdatabasen. Då reiste dei rundt, intervjua oppdrettarar og kartla deira største operasjonelle utfordringar.

For iLaks summerer dei opp fem punkt:

  1. Dødelegheit og for store verdiar tapt i død fisk.
  2. Store problem knytt til fiskehelse, -hygiene og -kvalitet.
  3. Ineffektiv nedvasking, lasting og lossing.
  4. For lite fleksible båtar, og at dei vert utdaterte ved teknologisk utvikling.
  5. Behov for tryggare båtar som ikkje skadar merdene ved operasjonar.

No vil dei, saman med samarbeidspartnarane, laga framtidsretta båtar, som tek høgde for både effektivisering, fiskevelferd og lågast mogeleg svinn.

– Det har vore ein utvikling med stadig meir komplekse båtar. Dei blir meir kostbare, og dei siste brønnbåtane har vore dyre. Me forsøkjer å finna hovudoppgåva til brønnbåtane, og sikte oss inn på det, seier prosjektleiar Rune Risnes. Elles blir det fort dyrt, ifølgje han.

MODERNE: Lokala til Salt Ship Design, som husar om lag 30 tilsette på Stord, er toppmoderne. FOTO: Ole Alexander Saue.

Fiskevelferd
Då dei i sommar sikra seg ein kontrakt for design av to brønnbåtar, med opsjon på to til, for reiarlaget DESS Aquaculture Shipping AS i Grimstad, var det fiskevelferd som sto i fokus.

– Fiskevelferda er hovudprioritet, i tillegg til at me har hatt stor fleksibilitet. Me har ikkje hatt ein gamal brønnbåt som me kopierer. Me byrjar med fiskehandteringssystemet, så designar me båten rundt det, seier prosjektleiar Risnes.

– Å kombinere fiskevelferd med ein attraktiv pris er nøkkelen, legg Stenersen til.

I denne båten går fisken gjennom tre røyr, via fisketeljar, og inn i ei sentrifugalpumpe, som sender den vidare i ein avsilingskasse, før fisken flommar over medan sjøvatnet vert silt av og filtrert. Etter det går fisken vidare inn i eit innsymjingsbasseng med motstraumsanlegg. Der kjem den med hovudet først ned i ein slaktekanal kor fisken vert bløgga. Vidare går den ned på kontrollbord kor den blør ut, medan mannskap står og kontrollerer at fisken er nok bløgga, før den går ned i tank, og vert pumpa med overtrykk opp på land.

TEKNOLOGI: – Båtane er så godt som ferdige, seier Rune Risnes i Salt Ship Design. Dei skal designa to båtar for DESS Aquaculture. Kleven og Myklebust skal byggja båten.

Risnes har tru på fleire prosessbåtar i framtida.

– Det trur me ganske bestemt. Det er stor interesse for det, så det kjem nok meir og meir i større og mindre skala, seier Risnes og Stenersen samstemte.

Engasjerte oppdrettarar
Stenersen legg til at han trivst i akvakultursegmentet, då dei får møte engasjerte oppdrettarar og båteigarar. – Me har jobba med både oppdrettarar og reiarlag. Dei som skal ha båten stiller krav, så me arbeider tett med dei som skal ha båten.

– Det er skilnad på å arbeide med store selskap som Statoil, der ein møter fagdisiplinar, samanlikna med eigarar av oppdrettsanlegg og fiskebåt. Dei er som regel mykje meir «hands on» og klare på korleis dei vil ha ting, seier han.

Vidare tek Salt Ship Design seg av det skipstekniske, grensesnitt, og båtens ytre. – Me skal ikkje påberopa oss å vera ekspert på alle område av fiskehandtering, så difor har me samarbeidd tett med aktørar som Cflow, Havyard MMC, og dei som er kjend i bransjen.

– Det har vore veldig bra og interessant – på alle måtar. Me har ingen fastlåste ting frå nokon av partane. Oppdrettarane veit kva dei vil ha av funksjonalitet, så å skreddarsy båtar for dei har vore veldig interessant.

– I tillegg har me ein fleksibilitet som ligg under shelterdekk (ekstra dekk over hovuddekket). Den er optimalisert for fiskehandtering, samstundes som den er fleksibel for framtidige behov. Mange brønnbåtar er veldig fulle, med lite ledig plass.

– Beskjeden me ofte får er: «Framtidas lusebehandling er ikkje oppfunnen enno, så ikkje spør oss om kva plass me treng – men sørg for å ha fleksibilitet i båten».

I vekst
I Norge fokuserer dei på prosjektutvikling og design, medan deira polske vener nyttar meir tid på engineering og detaljløysing. No tilsetjer dei både i Norge og Polen.

– Men me har ingen kvantesprang-tankar om at me skal bli dobbelt så store på kort tid, seier han.