Rømming frå HI-lokalitet i Masfjorden

3820

Rømminga skjedde i samband med avlusing den 7. desember.

Det var ved Havforskningsinstituttet (HI) sin lokalitet Solheim/Knappen i Masfjorden at hendinga vart registrert.

Rømminga vart rapportert inn i helga.

15-20 fisk?
–  Dei meinte sjølv at det var rømt 15-20 fisk, men me er litt usikre, seier Leni Marie Lisæter, seksjonssjef region Vest i Fiskeridirektoratet, til iLaks.

– Då Erko Seafood sette ut garn ved Barlingebotten fanga dei 17 fiskar, seier ho vidare.

Direktoratet hadde personar på rømningsinspeksjon tysdag.

– Me veit lite om kva som forårsaka hendinga i dag (tysdag). Vonleg veit me meir i morgon (onsdag), seier ho.

Luseproblem
Rømminga skjer frå samme lokalitet som i veke 46 var én av to lokalitetar i Norge som låg over lusegrensa.

Lokalitet Knappen/Solheim rapporterte om eit gjennomsnitt på 0,8 voksne hunnlus per fisk. Det er over styresmaktene si fastsette grense på 0,5.

– Det bør ligge ei forventning at me skal halda oss under, og me forventar av oss sjølv at me skal vere flinke på dette. Me skal ta tak i situasjonar når di oppstår, saa vdelingsdirektør for Teknisk Infrastruktur i HI, Øystein Brun, til iLaks då.