Resultatoppgang for fôrrederi

Nyheter
674

BioMar-reiarlaget Nordnorsk Shipping med sterkt 2017.

Harstad-selskapet eig dei to fartøya «Nyksund» og «Høydal», som begge går på kontrakt for fôrgiganten BioMar.

Nordnorsk Shipping selte i slutten av 2017 «Nyksund II».

– Me er nøgd med resultatet. 2017 for var veldig spanande. Det var høg aktivitet med mykje «trøkk» på begge båtane, og så fekk me levert ein ny båt i oktober frå Tyrkia, medan gamle «Nyksund» vart selt til Tasmania, seier dagleg leiar i selskapet, Mats Nygaard Johnsen, til iLaks.

– Det var eit krevjande år, men me klarte å drifte verksemda stabilt. Me kan òg leggje til at resultatet er prega av salet av Nyksund, som utgjer ein del av biletet, legg han til.

No går dei inn i siste del av 2018 med nye båtar.

– Det er veldig spanande i år og. Det er kjekt med to nye båtar i drift. Me har vore i ein innkøyringsfase med nye Nyksund og er nøgd med drifta så langt, seier han vidare.

Selskapet vart skipa i 2002, og har kontor på Myre og i Harstad.

Nordnorsk Shipping er eigd av Kjartan Karlsen, etter at han i fjor haust kjøpte ut forretningspartner Kristian Høydal. Karlsen eig òg NSK Ship Design som mellom anna har teikna havfarmane til Nordlaks.