Regin Jacobsen vart økonomiansvarleg som 16-åring. Slik bygde dei opp Bakkafrost

Nyheter
2037

Administrerande direktør i Bakkafrost, Regin Jacobsen, har gått rundt i selskapslokalene sidan han var fem år gamal. No er han ansvaret for eit selskap som i 2017 hadde ei forteneste på over ein halv milliard danske kroner.

– Det var eit lite familieselskap, og eg har gått nede på gulvet her sidan eg var fem år gamal. Den gangen var det veldig dårlege forhold samanlikna med i dag. Det var kaldt – og det var nesten like mykje vinter inne som ute. Det var ein oppstart, og det var mange periodar kor me ikkje hadde råvarer. I dag produserer me laks kvar einaste dag, seier Jacobsen til iLaks.

Slik oppsummerer han, kort, forandringane i Bakkafrost sidan hans far (Hans) og onkel (Róland) skipa selskapet tilbake i 1968. Då var Regin to år gamal. Tre år seinare sprang han rundt i dei gamle lokala i Glyvrar.

Kom rett frå skulebenken
– Eg kom inn i selskapet i 1982, med ansvar for økonomi. Då var eg 16 år, og jobba etter skuletid samstundes som eg studerte, seier han.

I 1989, 23 år gamal, vart han administrerande direktør. Det skjedde ti år etter at selskapet byrja med oppdrett av laks.

Saka held fram under biletet.

Bakkafrost sitt hovudkontor i Glyvrar på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

Strategiendring på 90-talet
– Først produserte dei sildeprodukt, av sild fanga på Færøyane. Me hadde lokale ressursar som me produserte til filet, glas-produkt, karrisild, krydra sild, marinert sild og med vinsaus. Den var spesiell, og fekk høgare verdi. Det var idéen.

Etter kvart byrja dei å produsere andre produkt. Laksen skulle vise seg å ta selskapet til nye høgder.

– Dei største utfordringane for oss var perioden på slutten av 1980-, og byrjinga av 1990-talet. Me fekk sjukdom på Færøyane, og store deler av næringa gjekk konkurs. Det var ein vanskeleg periode, òg for Bakkafrost, legg han til.

– På midten av 90-talet endra me strategi, og byrja å fokusere meir på verdikjeden. Det er den same strategien me byggjer på i dag.

– Tida etter ILA-krisa på byrjinga av 2000-talet var vanskeleg. Me tok nokre riktige avgjerder om å fusjonere og kjøpe opp selskap. Det var ein vanskeleg periode frå 2003 til 2009. Eg har ikkje oversikt over kor mange selskap me kjøpte opp, men det var mange.

Saka held fram under biletet.

Bakkafrost-direktør Regin Jacobsen. FOTO: Ole Alexander Saue.

Konsolideringar og børsnotering
I mars 2010 vart selskapet notert på Oslo Børs.

– Det var ikkje familien som ynskja at me gjekk på børs. Det var bankane. Då me kjøpte opp og fusjonerte med alle desse selskapa, så var det slik at bankane og dei andre selskapa ville ha ein exit-moglegheit. Då ville det beste vere ei børsnotering.

– Me var 100 prosent familieeigd før det, og slik kunne det haldt fram. Då hadde det vore eit lite selskap. Om me skulle vere eit berekraftig selskap, måtte me slå oss saman me andre.

– Me såg på det som ein moglegheit for vekst på Færøyane. Me fekk finansielle investorar og bankar inn, og familien sat igjen med berre 30 prosent. Då Vestlax òg vart fusjonert inn i selskapet rett før børsnoteringa vart familiens eigarandel det den er no – rundt 20 prosent. Då selskapet gjekk på børs i mars 2010, selte mange aksjane sine, og på den måten fekk dei ein exit-moglegheit, legg han til.

Saka held fram under biletet.

Smolt med snittvekt på 250 gram. FOTO: Ole Alexander Saue.

Maritime tradisjonar
Færøyane sitt største desidert selskap er ikkje særleg stort i internasjonal målestokk. Landet står for om lag to til tre prosent av lakseproduksjonen på verdsbasis.

Dei har om lag 50.000 innbyggjarar, og over 1.100 jobbar i Bakkafrost. På Færøyane har dei livnært seg på kystnæringane sidan tidenes morgon. Det har kome Bakkafrost til gode.

– Ein av styrkane på Færøyane er at me har ein lang historie når det gjeld dei maritime miljøa. Færøyingane har tradisjon for å vere på sjøen og operere med både småbåtar og skip. Me har gode folk som kan handtere alle moglege maritime oppgåver. Ein er interessert i det som skjer på sjøen. Det er enkelt å få ein med røynsle frå sjøen til å bli dyktig med oppdrett, seier Regin Jacobsen.

– No vert det færre og færre som kjem frå fiskeri til oppdrett. Fleire – og yngre folk – kjem direkte til oppdrett. Generelt har ein stor forståing for oppdrett på Færøyane, så det er relativt enkelt å finne folk.