– Realistisk med ein årleg vekst på 5-10 prosent

Nyheter
874

Administrerande direktør i Ocean Supreme, Botholf Stolt-Nielsen, meiner økonomisk vekst globalt og betre distribusjon legg grunnlaget for vekst i verdas laksemarknad.

– Sjølv om det er store moglegheiter for å produsere meir, er det likevel umogleg som følgje av politikk og reguleringar, seier Stolt-Nielsen til iLaks.

– Spørsmålet er korleis den veksten skal koma. Det er store moglegheiter i Alaska, USA, og Canada, legg han til.

– Folk treng protein
Han har stor tru på at etterspurnaden for laks vil gå opp, og legg spesielt vekt på betalingsevne og betre transport.

– Folk flest får betre råd, og ein får stadig betre og meir effektive distribusjonskanalar. Der skjer det mykje, seier Stolt-Nielsen vidare.

– At ein har ein underliggjande potensiell vekst på 5-10 prosent årleg er realistisk. Ser ein historisk på det, så er det ein naturleg vekst. Folk treng protein, og då er laks eit godt produkt.

Heng ikkje med vekstpotensialet
Dei siste vekene har det vore store svingningar i lakseprisen. I byrjinga av mai kunne iLaks fortelje om prisar opp mot 80 kroner/kiloet. Sidan har ein kunne lesa om prisras og ein nedgang på 30 prosent på to veker.

– Slik er det, og det må me forhalda oss til. Eg trur forbruken auker i åra som kjem, men det er klart at prisar opp i 80 kr/kg verkar inn på etterspurnaden i ein del segment. Det verkar ikkje naudsynlegvis den veka – det kan vere forseinkingar, og marknaden vert usikker og kjøparar tør ikkje planleggje. Det vert færre kampanjar, som følgje av stor uvisse, seier han.

– Eg ser ikkje for meg moglegheiter for overproduksjon av laks i åra som kjem. Næringa er så regulert at det er heller snakk om at veksten ikkje klarer å følgja med vekstpotensialet i marknaden, seier eksportøren.

Trur på høge lakseprisar
Sjølv er Stolt-Nielsen mest inne i Asia og spesialist på flymarknaden. For tida opplever han at handelsforholdet til Kina er på betringens veg, samstundes som andre produsentland som Chile, Skottland, Færøyane, Tazmania og Canada konkurrerer om marknadsandeler.

– Det er liten vekst i produksjonen i andre produsentland enn Norge. Både Chile, Skottland og Færøyane har eit relativt stabilt kvantum i året i forhold til i fjor.

– Mi oppfatning er at det vert høge lakseprisar i åra som kjem, med såpass liten global produksjonsvekst, seier han.

Hittil i år har likevel flymarknaden vore svakare volummessig enn i fjor.

– Om ein ser på mars, april og mai har det vore ein nedgang på 13-14 prosent. Det har vore konkurranse frå fleire produsentland enn tidlegare, legg han til.