Produksjonskostnadane i norsk oppdrettsnæring har skote i vêret dei siste åra.
– Den er heilt sikkert høgare enn i fjor, men eg har ikkje tala framfor meg, seier dagleg leiar i Austevoll Melaks, Edvard Melingen, til iLaks.
Austevoll Melaks driv tre konsesjonar av laks og aure, og held til i Torangsvåg i Austevoll kommune. Dei omsette i 2017 for 186,5 millionar kroner, og fekk ein EBIT på 48,3 millionar kroner.
Stigande fraktrate
I tillegg til lusebehandlingar og sjukdom, er det éin ting som bidreg til å dra opp kostnadsnivået, ifølgje austevollingen.
– Prisane på brønnbåt stig. Alt går oppover, seier han.
– Det er nok ein del av forklaringa på at folk vel å investere i eigne båtar. Men det er ikkje aktuelt for oss med det første, seier han vidare.

– Villaksen har meir lus
Oppdrettsnæringa har no ei lusegrense på 0,5 vaksne holus pr. fisk. Det gjer at dei er nøydd til å behandle oftare, og Melingen er skeptisk til om det er eit riktig grensenivå.
– Eg tykkjer ikkje den er for høg iallfall. Eg er ikkje heilt overtydd om at det har så mykje å seie for villaksen.
– Det er klart lus er eit problem for laksen, det har det vore nesten sidan me byrja, men no må me behandle litt for ofte. Det gir utslag på laksen og helsa til fisken, seier Melingen.
– Problemet er at behandlingane vert ei større påkjenning enn sjølve lusa. Oppdrettslaksen har mykje mindre lus enn villaksen, som har 20-30 gongar meir lus, seier han vidare.
– Vanskeleg
Austevoll Melaks opplyser til iLaks at dei avlyser for det meste med ThermoLicer. Dei gjer det dei kan for å halda kostnadsnivået på eit lågast mogleg nivå.
– Me må jo prøve å gjere ting betre, når det gjeld både sjukdommar og det å vere varsam. Det er krevjande med mykje behandling; opp og ned på fisken, seier han.
Selskapet har vore plaga med Pancreas Disease (PD), men har ikkje merka noko av AGD-hausten enno.
– Ikkje det heilt store, heldigvis – bank i bordet – men me har vore borti det, seier han.