PD og lus drog ned 2017-resultatet til Lingalaks

Nyheter
602

Men 2018 ser betre ut, skal me tru dagleg leiar Erlend Haugarvoll.

Etter eit bunnsolid 2016 med 210,4 millionar kroner i pluss, fell resultatet til Lingalaks ned til 152,5 millionar kroner i 2017.

Lus og PD
Årsaka er i all hovudsak lågare produksjon og høgare kostnadar.

– Lusebehandling, PD-sjukdom og mindre produksjon drog ned resultatet, fortel Haugarvoll til iLaks.

– I 2017 var det veldig gode prisar med ein sterk marknad. Det var mykje fokus på biologi og miljøpåverknadane, seier han om lakseåret i fjor.

Betre 2018
Halvvegs inn i 2018 ser det ut til at Strandebarm-oppdrettaren får eit betre resultat enn fjoråret.

– Me har klart å halda veldig låge lusetal. Det har vore kaldt, og litt lågare produksjon i vinterhalvåret. Det ser ut som me får eit litt betre 2018 enn 2017, seier Haugarvoll.

– Korleis er sommaren i Lingalaks?

– Den er strålande, den. Det går ba, temperaturane har komen opp igjen så det vert spanande å sjå om dei kjem opp igjen. Produksjonen går òg greit.

Ferie
No ventar snart ein ferie, før han grip fratt på haust- og vinterhalvåret.

– Ein må ha ferie, og kopla litt av. Me tek oss nokre veker for å lade opp.

– Kvar går ferda?

– I år vert det innanlandsferie rundt på Vestlandet. Verdas beste landsdel. Me slikt vêr som dette er det heilt fantastisk. Ein treng ikkje reise langt då, seier Haugarvoll.