– På Færøyane nyttar ein ikkje sjøvatn i smoltproduksjonen

Nyheter
1030

I Færøyane si nordlegaste bygd, Viðareiði, produserer Bakkafrost 1.300 tonn smolt i RAS-anlegg. Utan bruk av sjøvatn.

– På Færøyane nyttar ein ikkje sjøvatn i smoltproduksjonen. Nordmenn meiner at fisken veks raskare i sjøvatn om dei venner den til sjøvatn. Me trur ikkje det er naudsynt. Det har vore mange uhell knyt til det. H2s og slikt. Då dør fisken på berre nokre timar, seier driftsleiar ved smoltanlegget, Sigurd Jacobsen, til iLaks.

Sigurd Jacobsen. FOTO: Ole Alexander Saue.

Meir robust smolt
Anlegget, som har eit karvolum på 11.000 m³, er under utbyggjing. I tillegg er det strategiendringar i emning.

– For to år sidan produserte me tre millionar smolt på 120 gram, men så bestemte Bakkafrost seg for å auke snittvekta på smolten. No byggjer me ut, og produserer fem millionar smolt på 250 gram. Det er det me produserer i år, men me skal opp på 500 gram om 1-2 år, når det nye anlegget står klart. Det tek tid å få produksjonen opp, seier Jacobsen vidare.

Han er tydeleg om fordelane ved større smolt, som vert meir og meir vanleg – spesielt i Norge.

– Fordelane ved det er at fisken er meir robust, den toler meir strøm, og perioden i sjøen vert kortare. No er det større problem i sjøvatn- enn i ferskvatnfasa, seier han.

Marknadssjef i Bakkafrost, Poul Andrias Jacobsen. FOTO: Ole Alexander Saue.

Ikkje udelt positivt?
Marknadssjef i Bakkafrost, Poul Andrias Jacobsen, meiner likevel ikkje det er heilt problemfritt med stor smolt.

– Det er nokre kundar som er i tvil om kva som skjer med fisken når den får kortare tid i sjøen. Forsvinn smaken? Det er ein skepsis rundt det, seier han.

– Me må sjå kvar grensa går når det gjeld storleiken på smolten når den vert sjøsett, legg han til.

Poul Andrias Jacobsen fortel at laksen brukar om lag 12-15 månadar på å nå slakteklar vekt på 5,5 kilo sløyd.

Smolt med snittvekt på 250 gram. FOTO: Ole Alexander Saue.

Utfordringar
På forblåste Færøyane er det som kjent utfordringar knyt til vêrforhold. Det går òg utover smoltproduksjonen for Bakkafrost, som er utstyrt med både gigantiske straumaggregat og vassreservoar.

– Ei utfordring på Færøyane er at strømmen ofte går, så me har fleire aggregat i tilfelle det skjer. Me har 20 minuttar på oss før fisken døyr.

– Vatn kan òg bli eit problem. Det regnar mykje her, men det kan likevel bli manko på vatn, seier Sigurd Jacobsen.