«316 tonn mikroplast går rett i havet frå norske oppdrettsanlegg» kunne ein lesa i ein artikkel publisert i VG torsdag kveld. Det får fleire i oppdrettsbransjen til å reagere.
VG har fredag ettermiddag oppdatert artikkelen, og endra «316 tonn» til «tonnevis». På framsida står det likevel stadig 316 tonn.
– Eg tykkjer det er veldig oppsiktsvekkande at VG lèt nokon sleppe til med noko sånt utan å ha faktasjekka og kontakta nokon som har ekspertise på dette med fôring og fôringsrøyr, seier Anders Kallerud, direktør havbruk i Brødrene Dahl, som leverer røyr til oppdrettsbransjen.
Naturvernforbundets kalkulasjon
I artikkelen VG publiserte er pensjonert fiskar og medlem i Naturvernforbundets fiske- og oppdrettsutval, Arnold Jensen, sitert på følgjande:
– Eg delte opp røyra i lengdar på to meter og vegde dei på ei godkjent vekt. Eit ubrukt røyr av denne typen skal typisk vege rundt 3 kilo dersom det er 2 meter langt. Dei eg vegde var nede i 2,64 kilo, seier han.
Kallerud i Brødrene Dahl, har saman med Skretting Norge gjort berekningar basert på Skretting sine mange inspeksjonar på norske oppdrettsanlegg.
Reknestykket til Skretting og Brødrene Dahl
Dei reknar med 800 lokalitetar i landet, med i gjennomsnitt sju merdar pr. lokalitet. Røyra har opp til seks svingar eller overgangar (det er her slitasjen kjem). Naturvernforbundet har funne eit vekttap på 0,36 kilo pr. to meter, hovudsakleg i svingar.
- 2,16 kg plast (0,36kg x 6 svingar) x 7 slangar x 800 lokalitetar = 12096kg (levetid ca. ett utsett er to år – ikkje fem år, som står i VG).
Det gir 12.096 kg pr.utsett i snitt.
På ti år, altså fem utsett, vil det då gi 60,48 tonn på ti år. Det er langt frå 316 tonn som Naturvernforbundet slår fast.
Tek det på alvor
Leif Helge Skjæveland, kommunikasjonssjef i Skretting Norge, tek likevel problemet på alvor.

– Det er greit å ha litt edruskap rundt tala, men me må ikkje underslå problemet med plastforureining. Me i Skretting har hatt plast på radaren i lang tid. Helt sidan me byrja å ta plastfôrsekken i retur, og at me no har eit eige service-team som sjekkar utfôringsanlegga for å redusere bøy og vinklar som knuser fôr og sliper plastrøyra, seier han, og legg til:
– Me er glad for at det vert sett fokus på. Det er ting me kan gjere me det, seier Skjæveland.
– 60 tonn = worst case scenario
Anders Kallerud i Brødrene Dahl meiner òg at 60 tonn pr. ti år er worst case scenario.
– Det viktigaste er at oppdrettarane fôrar laksen på ein måte som minimerer problemet. Kalkulasjonen på 60 tonn er på eit ordentleg worst case scenario. Då har ein fått tynnslitte røyr i alle svingar i alle fôrslangar i alle anlegg i heile landet. Det er jo ikkje i nærleiken av realiteten, seier han.
Retningslinjer
Kallerud legg òg til at oppdrettarane har retningslinjer å følgje for å minimere skade på røyr. Brødrene Dahl har utarbeida eit FDV-dokument kor dei kjem med anbefalingar for bruken av antistatiske fôringsrøyr.
– Dei fleste oppdrettarane er bevisste på dei poenga som me har skrive i dette dokumentet. Dei held seg innanfor desse retningslinjene, og dermed så er den reelle slitasjen på fôr og på røyr veldig mykje mindre enn teoretisk worst case scenario. Våre berekningar seier 60 tonn – og det er worst case, dersom ingen følgjer sunn fornuft og retningslinjer.