– Oppdrettsnæringa har eit ansvar for villaksen

Nyheter
1112

Kvalvik er utdanna innan akvakultur, og har jobba både som lærar, i 15 år med fiskehelse og miljø og meir direkte med fiskehelse. Første gangen han jobba i oppdrettsnæringa var i 1982. I Marine Harvest, region west, er han tilsett som miljø- og myndigheitskoordinator. iLaks har tatt ein prat for å få vite litt meir om korleis oppdrettsselskapet tenkjer når det gjeld problemstillingar knytt til villaks.

Avlsmaterialet kjem frå villaksen
-Først og fremst vil eg sei at situasjonen for villaksen står sentralt i arbeidet til Marine Harvest. Avlsmaterialet til oppdrettslaksen kjem frå villaksen og dei ville laksebestandane har stor innverknad på utviklinga i mange lokalsamfunn. Dei aller fleste av oss er levande opptatt av laksen, nokre berre fordi vi jobbar med oppdrettslaks, men ein del av dei tilsette har også laksefiske som eit av sine fritidsinteresser, framhevar miljøkoordinatoren.

Marine Harvest er engasjert i mange ulike prosjekt retta mot å betre situasjonen for villaksen. I eit av dei, samarbeida selskapet med SalMar for å re-etablere laksebestandane i to elvar på Sunnmøre.

-På si vandring frå elva til havet og attende, er det mange faktorar som har innverknad på villaksen, og vi må prøve å jobbe på fleire områder. I det prosjektet som vi her snakka om handlar det om tiltak for å re-etablere nokre laksestammar, og slike prosjekt er også viktige i det totale bildet, seier Kvalvik.

Les også: -Det hjelpe ikkje å berre klage på «den helvetes oppdrettsnæringa»

Samarbeid som strategi
Marine Harvest jobba med fleire forskings og utviklingsprosjekt, så samarbeidet med SalMar om tiltaka i elvane i Sykkylven passa i følgje Kvalvik godt inn i strategien.

Selskapet støttar også stiftinga Norsk Villaksforvaltning i det arbeidet dei gjer.

-Det er eit viktig arbeid Atle Frøysland og Norsk Villaksforvaltning har sett i gang. Filosofien om å sette inn tiltak i fødestova til laksen, ser ut til å fungere, meina Kvalvik. Han vise til dei svært gode resultata i Nausta som er pilotelva til Norsk Villaksforvaltning.

Les også: Pilotelva til Norsk Villaksforvaltning får svar på tiltale

Forstår frustrasjonen
Kvalvik forstår frustrasjonen mot oppdrettsnæringa som kjem til uttrykk frå villaksinteresser. Nokre stadar er det mykje lakselus, og nokre stadar er det mykje rømd fisk i elvane.

-Dette er frustrerande for både grunneigarar og fritidsfiskarar, men og for oppdrettsnæringa. Dei er glade i fisken og dei vil jo ikkje at den skal bli påverka negativt, seier Kvalvik til iLaks.

Stort behov for kunnskapsutveksling
Marine Harvest har fleire tilsette som jobba opp mot grunneigarlaga i Sykkylven. Det gjeld både veterinærar og andre fagpersonar og Kvalvik trur absolutt at dei har noko å bidra med i høve til det som skjer i elvane.

-Det å få etablert ein tett og god dialog med grunneigarlaga vil alltid vere viktig, og her har jo informasjon ein verdi for begge partar, framheva Kvalvik.

Han vurdera gjensidig kunnskapsutveksling som avgjerande for å komme vidare i dette arbeidet. På den eine sida er det viktig at eleveigarlag og sportsfiskarar får kunnskap om kva som skjer i oppdrettsnæringa og korleis den blir drifta. På den andre sida er det er det viktig at dei som jobbar i havbruksnæringa får kunnskap om eksempelvis kultiveringsarbeid, og kva som faktisk vert lagt ned av dugnadstimar i elvane.