Klarte å utnytta omsetninga betre, og enda med ein driftsmargin på 15,5 prosent.
Vestlandoppdrettaren betra salet og resultatet frå 2020 til 2021. Årsresultatet før skatt enda på 120,4 millionar kroner, ein betring på 26,9 prosent frå året før.
– God innsats av medarbeidarane mine, men me har mykje å gå på vidare, skriv dagleg leiar, Sondre Eide, på sms til iLaks.
Bedrifta har ein eigenkapitaldel på 33,9 prosent av ein totalbalanse på 1.098,5 millionar kroner. Styret har ikkje sett av utbytte til eigarane etter fjoråret.
Stort fokus på berekraft
– 2022 er eit år der me jobbar framover og vert bedre. Vestlandet krev vilje frå myndigheitene til vidare berekraftig vekst. Oppdrettarane står klare, myndigheitene må legga til rette for lukka anlegg i sjø og vidare berekraftig verdiskaping på Vestlandet. For tida er me nedprioritert, med til dømes at miljøteknologiordninga vert trenert, skriv Eide.
I 2021 foreslo Nærings- og fiskeridepartementet å etablera ordninga med miljøteknologiløyve som skulle stimulera til utvikling av nye produksjonsmetodar som kunne redusera miljøutfordringene i næringa. Denne har fortsatt ikkje kome, og det er vorte ein omfattande prosess med rapportar, høyringsrundar, evalueringar og NOU’er.

Les meir her: Eide Fjordbruk lander bærekraftslinket lån til 200 mill. i Sparebanken Vest
Stor aktivitet
Nyleg kjøpte Eide Fjordbruk setjefiskannlegg i Hardanger. Setjefiskanlegget er det tidlegare anlegget eigd av Sjøtroll Havbruk Mauranger og ligg i Sunndal i Kvinnherad kommune.
Målet til Eide Fjordbruk er å selgje karbonnøytral laks. Derfor har dei òg oppretta eit eige salsselskap. I beskrivinga av det nye selskapet skriv bedrifta at «Matproduksjonen i framtida bør vera karbonnøytral. Me vil skaffa sunn og berekraftig sjømat til dagens og framtidige generasjonar. Derfor tilbyr dei karbonnøytral sertifisert laks og ørret til kundane sine.»
Selskapet bygger også det visningssenteret Salmon Eye, som opnar i september.

Bedrifta hadde også planar om å samarbeide om oppdrett i Dyreparken i Kristiansand, men Dyreparken droppet samarbeidet etter stor motstand.
Les meir her: Dyreparken dropper samarbeid med Eide Fjordbruk: – En kompleks problemstilling
Selskapet er eigd av Eidefamilien gjennom holdingselskapet Eide Fjordbruk Holding. Eide Fjordbruk har 44 tilsette.
Eide Fjordbruk | 2021 | 2020 | Endring |
Omsetning | 837,6 | 812,4 | 3,1 % |
EBIT | 129,9 | 94,8 | 37,1 % |
Resultat før skatt | 120,4 | 94,9 | 26,9 % |
Driftsmargin | 15,5 % | 11,7 % | |
Alle tal i millionar kroner |