– Om produkta held i vêret på Færøyane, held det over alt. Me har det verste vêret i heile verda!

Nyheter
1354

Dagleg leiar i det færøyske teknologiselskapet, JT electric, Suni E. Justinussen, fnyser av nordmenn som klagar på dårleg vêr. Sjølv meiner han Færøyane har den smartaste oppdretten i verda.

– Når skottar eller nordmenn seier dei har dårleg vêr, er det ikkje det. Me har dårleg vêr, seier Justinussen.

Rett har han i det. Vêrforholda langs den norske vestkysten kan ikkje måle seg med stormfulle Færøyane.

I vekst
Om lag ein times køyretur frå Vága Floghavn, i forblåste Kambsdal, ligg JT electric. Oppkalla etter gründer Joannes Thomsen, som skipa selskapet tilbake i 1972.

– Me byrja som eit lokalt selskap, men har utvikla oss i takt med oppdrettsnæringa. No går me «all in» på oppdrett. No veks me oss utover landegrensene, seier Justinussen.

– JT electric er ein «full service supplier» til oppdrett, med fôringssystem som hovudfokus, seier han vidare. Selskapet er eigd av det Færøyane-registrerte holding-selskapet Tjaldur, kor mellom andre tidlegare Statoil-direktør Helge Lund sit i styret.

Han har vore tilsett sidan 1. oktober i fjor.

Saka held fram under biletet.

Færøyane er i verdstoppen når det gjeld produktivitet. Her er eit Bakkafrost-anlegg i Hvannasund. FOTO: Ole Alexander Saue.

Alle lokalitetane er utsette
Oppdrett på Færøyane er eit spesielt skue. Kven skulle tru at eit so vêrutsett område skulle nå til topps i produksjonskvalitet, som Kontali Analyse konkluderte med i januar. Som fleire av færøyingane iLaks er i dialog med seier: Ein kan ikkje planlegge noko her. Det held ikkje berre med ein plan a og ein plan b.

Og då er det greit at ein kan fôre på land.

– Her er alle lokalitetane utsette. Ein er veldig opptekne av effektivitet. Tidlegare, om ein ikkje kom seg ut på ein lokalitet på fleire dagar, som følgje av uvêr, tapte ein vekt på laksen. Men sjå på korleis det er her no. Når ein ikkje kjem seg ikkje ut på lokalitetane, så fôrar ein frå land, seier Justinussen.

Stor utvikling
Justinussen tek oss med til eit Bakkafrost-lokale i minst like forblåste Hvannasund, kor driftsleiar Bjarni Poulsen fôrar fisken på land.

Han har over 30 års røynsle frå oppdrettsnæringa.

Saka held fram under biletet.

Bjarni Poulsen, driftsleiar på Bakkafrost sitt anlegg i Hvannasund. Han har jobba i oppdrettsnæringa i over 30 år, og fortel om ei rivande utvikling. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Me har drive med fjernfôring i to år. Før køyrde me ut med båtane, men no sit me inne. Dersom det er dårleg vêr, går me ikkje ut. Før me fekk denne teknologien måtte me ut med båtar, men det skulle mykje vêr til før me ikkje gjekk ut, seier Poulsen til iLaks.

– Utviklinga har vore veldig stor. Då eg byrja i denne næringa, fôra me for hand, legg han til.

Smartast i verda
Og utvikling har det vore. Medan Norge får mykje velfortent skryt for å vere i verdstoppen når det gjeld teknologi, meiner Justinussen at øygruppa midt i havgapet er foran.

– Oppdrettarane her er veldig ambisiøse. Dei har eit sterkt ynskje om å vere langt framme teknologimessig. Produktet vere supert. Eg trur oppdrett på Færøyane er den smartaste i heile verda.

– Om våre produkt held i vêret på Færøyane, held det over alt. Me har det verste vêret i heile verda. I tillegg har Bakkafrost dei beste tala i næringa, så det er eit godt stempel på våre produkt, legg Justinussen til.