– Om ein skal selje seg som spesiell, må ein ha noko å vise til som er annleis

Nyheter
1866

Administrerande direktør i Bakkafrost, Regin Jacobsen, ynskjer å stikke seg ut i laksemarknaden.

Kontali Analyse var klokkerklare i januar. På Færøyane får dei mest for kiloen, det er mindre dødelegheit, og laksen når høgast snittvekt.

Medikamentfrie
– Me har ikkje operasjonar i Norge, så me kan ikkje samanlikne. Men det me har fokusert veldig på dei siste åra er korleis me kan bli fri for medikamentbruk. Antibiotika har me ikkje brukt på 15 år, og me har ikkje brukt medikament mot lus dei siste 13 månadane, seier Jacobsen til iLaks.

No nyttar dei rognkjeks, i tillegg til fersk- og varmtvatnbehandling, mot lusa.

– Me skal òg produsere større smolt, men der er me ikkje komen langt enno. Både Hidden Fjord og Marine Harvest har komen lengre enn oss, seier han vidare.

Bakkafrost investerer nesten ein milliard NOK i nytt smoltanlegg. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Må vere litt betre
Færøyane produserer ikkje meir enn to-tre prosent av all laks i verda, men dei har likevel blitt lagt merke til. Dei oppnår spesielt gode prisar samanlikna med sine konkurrentar.

– Lokale råvarer er vårt konkurransefortrinn. Fôret som me produserer er frå lokalt fanga fisk. Det nyttar me òg som differensiering i marknaden.

– Om ein skal selje seg som spesiell, må ein ha noko å vise til som er annleis. Norsk laks er fin mat, og trygg å spise. Men for å byggje eit «brand», må ein kunne fortelje ein historie. Det må vere litt betre. Vår snittvekt er høgast i verda – om lag 6,5-7 kilo rund vekt, seier Jacobsen.

Den strategien har mellom andre Bømlo-oppdrettar Bremnes Seashore òg lukkast med. Deira Salma-produkt vert selt langt dyrare enn ordinær oppdrettslaks.

Som vin
Han dreg parallellar til vinproduksjon.

Regin Jacobsen i Bakkafrost. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Du har nokre vin som er små, men som er veldig spesielle. Då kan ein differensiere og «brande» deg, slik at ein vert oppfatta annleis.

– Gjer det dykkar mindre sårbare i ein svingande marknad?

– Det er klart. Branding-strategien er meint å gi oss betre stabilitet.

Konkurranse
Han merkar seg likevel at Chile er på veg «opp og fram».

– Chile har nesten innhenta oss i 2018 Q2 og Q3 når det gjeld snittvekt. Der ligg dei nesten på same nivå som Færøyane. Spørsmålet er om dei klarar å halda seg på det nivået i det lange løp. Dei har hatt ei fantastisk biologisk utvikling i 2018. Det vert spanande å sjå om dei klarar ein berekraftig produksjon på lang sikt. No ligg dei veldig godt an, seier han.