Ocean Quality nektar økonomisk gevinst tross saftig prispremie til Kina

Nyheter
880

Prisen for laks til Kina har i ti veker vore sju kr/kg høgare enn gjennomsnittet. Styreleiar i Ocean Quality, Øyvind Fossøy, nektar likevel for at dei har tent på dokumentforfalskning.

Tysdag ettermiddag kom beskjeden om at Bremnes Seashore- og Grieg Seafood-eigde Ocean Quality suspenderer to tilsette som følgje av uriktig bruk av dokument. Det førte til at Mattilsynet utstedte eksportattestar på laks selt til Kina på feil grunnlag.

«Etter den kunnskapen Ocean Quality har i dag, har verken selskapet eller de involverte hatt økonomisk vinning på feilinformasjonen», skreiv Ocean Quality i pressemeldinga som vart utstedt 17:12 tysdag.

Ein gjennomgang iLaks har gjort, basert på vekesstatistikken til Norges Sjømatråd, viser at eksportprisen til Kina var sju kr/kg – 12 prosent – høgare enn gjennomsnittet av all eksportert laks. Prosnoteringane er basert på FOB levert den norske grensa.

– Tragedie for selskapet
Konfrontert med prisdifferansane mellom Kina og andre marknadar, onsdag føremiddag, svarar styreleiar i Ocean Quality, Øyvind Fossøy, følgjande:

– Eg kan heilt klart stadfeste at det ikkje har vore økonomisk gevinst på dette. Det er ein tragedie for selskapet.

– Eg kjenner ikkje til referansen som du har til dei sju kronene. Me har ingen ekstramargin på Kina i forhold til andre marknadar. Mine klare tal er at det ikkje er ein ekstramargin til Kina i forhold til omkringliggjande marknad. Omkringliggjande marknadar har faktisk hatt betre marginar.

Fossøy skriv følgjande i ein e-post til iLaks om reknestykket:

«Når det gjelder regnestykket ditt, er de største feilmarginene i tallene størrelse på fisken som sendes, konraktsandel og kvalitetsgradering. Dette er ikke hensyntatt i FOB-prisene du har sammenlignet.

Som du vet, er det kun stor fisk av superior kvalitet som går til Asia. Følgelig blir gjennomsnittstall ikke sammenlignbare. Man kan kun sammenligne priser på superior laks til Asia med superior laks av samme størrelse til andre markeder.»

Vil ikkje spekulere i motivasjonen
Har de nokre inntrykk av kvifor dette kan ha skjedd, dersom det ikkje har vore økonomiske gevinstar inne i biletet?

– Me kan ikkje spekulere i det. Me veit berre at det er to unge personar, i lågare stilling i organisasjonen, som jobbar med eksport, som har gjennomført desse uheldige gjerningane. Slik som me evaluerer det trur me ikkje at dei har skjønt det heile konsekvensen av det som har skjedd. Dei er veldig lei seg og får profesjonell oppfølgjing. Me beklagar veldig at det har skjedd, seier han, og legg til:

– Me har skjerpa inn rutinane. No kontrollerer me dobbelt – slik at dette aldri kan skje igjen, seier han.

Kan dette ha skjedd tidlegare?

– Det har me ingen indikasjon på. Det har skjedd i ein kortare periode på nokre veker, seier Fossøy.