Arbeidet rundt nye avlusingsoperasjonar får skulda for rømt laks

Nyheter
1238

Berre på Vestlandet har det vore fire rømningar so langt i 2018. Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet fortel at nye arbeidet rundt nye avlusingsoperasjonar er ein del av årsaka.

Mot slutten av januar kunne Fiskeridirektoratet melda om fire rømningar på Vestlandet.

Tidlegare denne veka kom meldinga om at Marine Harvest hadde ei rømning som førte til at 54.000 laks rømte frå ei merd. Det skjedde under ein arbeidsoperasjon på anlegget Geitryggen i Nærøy kommune.

Lisæter forklarar dei fire rømningane på Vestlandet slik:

  • Lerøy (Sauøy i Øygarden): Propell kom borti ei not før avlusing.
  • Sulefisk (Juvika i Solund): Eit tau slitna frå knute under uvêr. Slitasje.
  • Flokenes (Dyvika i Askvoll): Arbeidsoperasjon der ei kulerekke hekta seg fast i nota.
  • Bolaks (Oterstegdalen i Fusa): Litt meir uklart, men i samband med avlusing.

Utfordringar
– Det som er litt nytt no er at me dei siste to åra har byrja å avluse med HydroLicer-ar og OptiLicer-ar. Det er nye arbeidsoperasjonar, seier Lisæter.

Vert ikkje risikoen teken nok omsyn til?

– Oppdrettarane har blitt betre etter kvart, men i 2016, 2017 og 2018 har det vore tilfelle av uhell med den nye metoden, seier Lisæter.

Lisæter si oppfatning er at dei nye måtane å avluse på kan by på utfordringar då det er operasjonar som skil seg frå tidlegare metodar.

Ukjent for reiar
Arne Bakke, dagleg leiar i Brødrene Bakke, som eig Seisund med fire OptiLicer-ar, kjenner ikkje til problematikken.

– Nei, det kjenner eg ikkje til. Det er ein vanleg prosedyre. Kvar gong ein tek i noko så er det ein større risiko enn om ein ikkje gjer noko. Eg veit ikkje noko, om kva eller kvifor rømningar skjer, seier han til iLaks.

Saka held fram under biletet.

EFFEKTIVT: Denne båten skal ifølgje dagleg leiar i Brødrene Bakke, Arne Bakke, avluse 450 tonn i timen. Han er ikkje kjent med utfordringar spesifikt knyt til avlusing med OptiLicer. FOTO: Ole Alexander Saue.

Tek det på største alvor
I 2017 er det foreløpig ikkje rapportert om meir enn 10.000 rømt fisk. Det er rekordår og svært positivt for oppdrettsbransjen. Også omdømmemessig. Med fleire hendingar allereie i 2018, og spesielt med Marine Harvest sitt uhell i Trøndelag, har ein fått seg eit nytt skot for baugen.

– Det er klart at i fjor var eit eksepsjonelt godt år. Hendingane so langt i år tykkjer me er veldig dumt og me tek det på største alvor. Me går i dialog med oppdrettarane og går gjennom prosedyrar, seier ho.

Urapportert rømning
I tillegg til dei registrerte rømningane er det sterke mistankar om ei rømming i Hordaland som ein ikkje veit kvar stammar frå. Sidan november/desember har fritidsfiskarar meldt inn om lag 200 fisk i området Sund/Austevoll/Askøy.

– Det er ei urapportert rømming som me aldri har klart å spore opp kjelda til, seier Lisæter.

Er ikkje 200 laks nok til å finne ut kvar det kjem frå?

– Det kan ein seie, men me har ikkje klart å spore det. Me har vore i kontakt med oppdrettarar i området men det er ingen som har hatt hol i nøtene. Det ser ut som den stoppa opp no, seier ho.

Er det nokon som veit, men som ikkje vil fortelja?

– Det er vanskeleg å seie. Me trur ikkje det, seier ho.