Ny organisering førte til eit dårlegare resultat for Sjór

Nyheter
0

Sjór måtte flytte mykje av salet frå Horeca til retail.

Salma-leverandøren har hatt ein nedgang i sal og resultat i 2021. Resultat før skatt enda på 41,8 millionar kroner, ein nedgang på 38,5 prosent.

– 2021 var første år der Sjór var eigd av Bremnes Fryseri etter at det eigarmessige samarbeidde med Grieg Seafood vart avslutta ved utgangen av 2020. Omsetninga fall naturleg i 2021 som følgje av det, fortel dagleg leiar, Emil Rognstad Østenfor, til iLaks.

Selskapet var tidlegare under delt eigarskap mellom Grieg Seafood og Bremnes Seashore-konsernet, og heit då Ocean Quality. Grieg Seafood gjekk ut, og selskapet skifta namn til Sjór.

Les meir her: Ny organisering av salsselskapa i Bremnes Seashore-konsernet

Foto: Bremnes Seashore

Frå Horeca til retail
Konsernet sel 3 970 tonn av lakseprodukta, Salma og Bömlo kvart år, og har 30 lokalitetar i 11 kommunar på Vestlandet.

– Gjennom pandemien fall etterspørselen i hotell-, restaurant- og cateringsektoren (Horeca), men vi lykkast med å flytta ein stor del av volumet vårt inn i retail. På eigen fisk er marginane gode, men vi sel òg ein vesentleg del ekstern fisk der resultat oppnåinga var meir avgrensa, fortset Østenfor.

Ettertrakta produkt
– 2022 har vore prega av sterkt aukande prisar som viser at marknadene for hovudprodukta er ettertrakta. Prisnivåa har likevel vore overraskande høge og resultata våre ber preg av at vi har hatt ein høg kontraktssandel hittil i år. Uroleg verdsbilde har òg mellom anna gjort logistikksituasjonen krevjande, seier Østenfor.

Foto: Peter Tubaas, Vestland Media

– Vi vil framover fokusera på å ytterlegare styrka marknadsposisjonen vår og har nyleg oppretta ei felles leiing for salsaktivitetane i våre salsselskapa Sjór og Salmon Brands. Ei av målsetjingane er å bygga vidare på god kompetanse i organisasjonen og styrka fokuset vårt på merkevareutvikling på ein større del av volumet, avsluttar Østenfor.

Selskapet har ein eigenkapitaldel på 20.3 prosent av ein totalbalanse på 489,3 millionar kroner.

Sjór er eit dotterselskap av Bremnes Fryseri, og hadde ved utgangen av 2021 totalt 47 ansatte. Det blei tatt ut eit konsernbidrag på 61,4 millionar kroner i fjor.

Sjór 2021 2020 Endring
Omsetning 4662,9 5922,0 −21,3 %
EBIT 45,0 47,9 −6,0 %
Resultat før skatt 41,8 67,9 −38,5 %
Driftsmargin 1,0 % 0,8 %
Alle tal i millionar kroner