Northern Lights Salmon: – Me har klart å bygge oss opp igjen etter algeangrepet i 2019

Nyheter
0

Større omsetning i fjor, men driftsmarginen er svekka på grunn av høgare kostnadar.

Tromsoppdrettaren har fire konsesjonar og auka sal og resultat frå 2020 til 2021. Driftsresultatet enda på 105,9 millionar kroner, ein oppgang på 32,5 prosent frå året før. Høgare kostnadar på grunna av inflasjon har derimot svekket driftsmarginen til selskapet.

Algeangrep
– Det har jo gått ganske godt i fjor, og me har klart å bygge oss opp igjen etter algeangrepet i 2019, fortel den relativt nyansatte daglege leiaren, MarianneBendiksen, til iLaks.

Les meir her: Hun blir ny daglig leder i Northern Lights Salmon

Lokalitet Ystevika (Northern Lights Salmon/Sørrollnesfisk). Foto: Aleksander Balteskard

Selskapet blei hardt ramma av algeoppblomstringa i 2019, og mista rundt 90 prosent av fisken i dei ramma merdane. Dei fekk i forbindelse med denne hendiga lov til å hente ut kompensert tillatt biomasse (KTB), som kan forklare noko av overskotet.

Endra skattereglar
– Me produserar godt i år, men er spent på kostnadane og prisfastsettingsendringa då denne kan ha stor innverknad på oss, avslutter Bendiksen.

Les også: Reaksjoner på skattesjokket: – Vi får daglig henvendelser fra selskaper som enten vurderer salg eller å gå på børs

Dei nye skattereglane vert endra til at eigarar av oppdrettskonsesjonar skaffa før 1998 skal frå neste år betala formuesskatt ut frå marknadsverdien av desse, noko dei har vert untatt tidlegare. Dette kjem frå Solbergregjeringa sitt budsjettforslag, som Støreregjeringa har tatt med vidare, og gjennom budsjettforliket med SV i slutten har det kome ytterlegare aukingar i både formuesskatt og utbytteskatt.

Bedrifta er eigd av familien Balteskard via holdingselskapet Northern Lights Holding. Selskapet har samdrift med Sørrollnesfisk, som er svært bekymra for drifta på grunn av nye skattereglar frå neste år.

Northern Lights Salmon har ein eigenkapitaldel på 81,2 prosent av ein totalbalanse på 350,1 millionar kroner, og styret har ikkje satt av utbytte til eigarane etter fjoråret.

Selskapet har ti ansatte.

Northern Lights Salmon 2021 2020 Endring
Omsetning 388,3 240,2 61,7 %
EBIT 105,9 79,9 32,5 %
Resultat før skatt 106,2 80,3 32,2 %
Driftsmargin 27,3 % 33,3 %
Alle tal i millionar kroner