Nådde for første gang over 100 millionar kroner i omsetning.
Smoltprodusenten betra salet og resultatet frå 2020 til 2021. Årsresultatet før skatt enda på 12,6 millionar kroner, ein betring på ein prosent frå året før.
– Har vert eit greitt år, og det er første gang selskapet får over 100 millionar kroner i omsetning, fortel eigar, Eva Kristoffersen, til iLaks.
Bedrifta har ein eigenkapitaldel på 37 prosent av ein totalbalanse på 193,9 millionar kroner. Styret har ikkje sett av utbytte til eigarane etter fjoråret.
– For neste år er heile produksjonen kontraktsfesta selt. Siste leveransen med triploid smolt til NRS skjer i 2022, etter det blir det berre vanleg smoltproduksjon, seier Kristoffersen.
Les meir her: – Jeg tror på konseptet steril fisk, spesielt der det er rømming
Oppdrettsselskapet Egil Kristoffersen & Sønner eig Nordland Akva. Trass namnet er det igjen eigd av søstrene Eva Kristoffersen med 60 prosent og Anna Kristoffersen med 40 prosent, og dei solgte seg ut av NRS i år.
Nordland Akva har 17 tilsette.
Nordland Akva | 2021 | 2020 | Endring |
Omsetning | 101,0 | 93,3 | 8,2 % |
EBIT | 14,3 | 14,4 | −0,5 % |
Resultat før skatt | 12,6 | 12,5 | 1,0 % |
Driftsmargin | 14,2 % | 15,4 % | |
Alle tal i millionar kroner |