Nofir har firedobla omsetning sida krisa i 2019, men resultatet fekk seg ein knekk i fjor

Nyheter
0

Framleis rekordhøg omsetning for Nofir. For få år sidan låg dei med brekt
rygg.

Selskapet samlar inn kassert reiskap frå fiskeri- og oppdrettsnæringa rundt om i verda. Sluttproduktet blir brukt som råmateriale for gjenvinningsindustrien, og blir til ei rekke ulike produkt.

2021 heldt seg på omtrent same omsetning som i 2020, og var nesten firedobbla samanlikna med kriseåret 2019. Selskapet står oppført med driftsinntekter på 29,1 millionar kroner, og eit driftsresultat på 890.000 kroner. Dette er derimot ein nedgang på 66,9 prosent frå 2020.

– Det er eit resultat av hard jobbing, og det er smått utruleg at vi er der vi er no gitt korleis ting såg ut for få år sidan. Vi gjenvinn som aldri før, og det handlar om fleire ting. Mellom anna at vi finn nye metodar for å gjenvinna meir, og fleire materiale på, så vel som at næringa er ansvaret sitt bevisst og legg inn ein innsats for å få gjenvunne mest mogleg, seier dagleg leiar i Nofir, Øistein Aleksandersen, i ei pressemelding.

Nye EU-reglar gjorde innsamling vanskeleg
– No kan vi endeleg seia at vi er ute av krisa. Det såg på eit tidspunkt mørkt ut, og mykje av arbeidet vårt stod fullstendig stille. Sånn er det heldigvis ikkje lengre, seier Aleksandersen, og viser til snuoperasjonen til selskapet frå 2018 til no.

Nofir gjekk på kort tid frå stabil høg omsetning og grøne tal, til underskot og ein stadig meir krevjande økonomi. Det hadde bakgrunn i nye EU-reglar som gjorde det umogleg for selskapet å gjenvinna oppdrettsnøter med koparimpregnering.

Tau og not levert til gjenvinning. Foto: Nofir

Då bedrifta omsider fekk grønt lys for å fortsetja gjenvinningsarbeidet, skaut både produksjon og omsetning i vêret. I 2020 sette selskapet både omsetningsrekord og fleire innsamlingsrekordar.

Positiv utvikling i 2022
2022 har vore eit svært godt år for selskapet både med omsyn til mengder gjenvunne og økonomien, og selskapet planlegg mellom anna å samla inn meir reiskap i utlandet i månadene som kjem.

Produsentane selskapet samarbeider med har også vore meir opptekne av å bruke material, som er lette å gjenvinna.

– Ikkje minst så ser vi at samarbeid frå start til slutt i verdikjeda bidrar. Produsentane er vorte meir opptatte av kva materiale som enklare lar seg gjenvinna, som nylonnøter, og oppdrettarane er vorte meir opptatt av å ta bevisste val for reiskapa sine, avsluttar Aleksandersen.

Bedrifta er eigd av Egersund Group med 34,2 prosent, Aquafil med 31,7 prosent, Iris Produksjon med 23,2 prosent og Lofoten Avfallsselskap med 11 prosent.

Nofir har ein eigenkapitaldel på 36,8 prosent av ein totalbalanse på 10,9 millionar kroner, og styret har satt av tre millionar kroner til utbytte etter fjoråret.

Selskapet har tre ansatte.

Nofir 2021 2020 Endring
Omsetning 29,1 29,2 −0,3 %
EBIT 0,9 2,7 −66,9 %
Resultat før skatt 0,8 2,3 −64,4 %
Driftsmargin 3,1 % 9,2 %
Alle tal i millionar kroner