No kjem AGD for fullt: – Biologisk er hausten den mest krevjande tida for oppdrettarane

Nyheter
1025

– Me finn i hovudsak forandringar frå august og utover, så me har enkelte påvisningar, seier Lene-Catrin Ervik i Åkerblå til iLaks.

Amøbegjellesjukdom (AGD) har forårsaka norsk oppdrettsnæring betydelege tap dei siste seks åra. Hausten er høgsesong.

Meir AGD på Nordvestlandet
Etter ein trøblete AGD-sesong for fleire oppdrettarar i 2017, er den no på veg tilbake.

Lene-Cathrin Ervik. Foto: Havbrukstjenesten/Åkerblå.

– Men utviklinga går seinare enn dei siste to åra i Midt-Norge, seier Ervik til iLaks.

Det er likevel unntak.

– På Nordvestlandet er det høgare press på AGD no.

Ho ventar at AGD vil følgje med fram til temperaturane går ned og hausten er over.

– AGD-problematikken går ned etter kvart som temperaturane går ned. Når me kjem til desember, skal dei største utfordringane vere over, seier ho.

Krevjande tid
Ikkje berre er det AGD som skapar problem for oppdrettarar på seinsommaren og utover hausten. For to veker siden registrerte BarentsWatchs fiskehelseoversikt årets verste luseveke, med heile 36 lokalitetar over lusegrensa.

– Biologisk er hausten den mest krevjande tida for oppdrettarane. Det er høgare temperaturar og oksygennivået i sjøen er litt mindre på hausten. Så har me òg vinterhalvåret som gjer det vanskeleg å handtere fisk, seier ho.

Betring på lusefronten på Frøya
Ervik ynskjer likevel å dra fram positive utviklingstrekk.

– Me har ei stor sone med vårfisk på Frøya, som på førre generasjon hadde store utfordringar med lus. 2017-generasjonen som no står i sjøen og skal slaktast har gått veldig bra. Der er det fleire lokalitetar som vert slakta utan behandling, eller med berre nokre få enkeltmerdbehandlingar, seier ho.