No har luseproblema for alvor nådd Finnmark

Nyheter
1314

Fem lokalitetar over lusegrensa i Vest-Finnmark i veke 39.

Ikkje sidan veke 44 i 2015 har det vore fleire lokalitetar over lusegrensa i produksjonsområde 12, Vest-Finnmark.

Avluser
For første gang i haust var to lokalitetar i området over lusegrensa i veke 38. Veka etter hadde to blitt til fem, ifølgje Barentswatch.

– Det er som det ofte er om hausten. Utfordrande. No held me på med avlusingar, seier regiondirektør Finnmark i Norway Royal Salmon, Per Magne Bølgen, til iLaks.

– Me avluser med både IMM (ikkje-medikamentelle metodar) og andre ting, seier han. Og stort mykje meir vil han ikkje seie.

Skottelus
NRS har tre lokalitetar over lusegrensa, medan Cermaq og Grieg Seafood har ein kvar. Det har ikkje lukkast iLaks å få dei to sistnemnde selskapa i tale.

Slik var lusa i veka 39. Skjermgrabb frå Barentswatch.

Verst ser det ut til å vere i Hasvik, Hammerfest og Alta kommune.

Lusekoordinator i området, Ragnhild Aukan, er oppteken i felt ut dagen når iLaks tek kontakt, men konstaterer at det er utfordringar med skottelus i Vest-Finnmark.

Eskalerer
Elles ser me at veke 39 var ny årsverste i landet med heile 45 lokalitetar over lusegrensa. Det er to fleire enn førre veke.

Totalt 21 lokalitetar har blitt behandla medikamentelt, medan 62 lokalitetar har hatt mekanisk avlusing. I 59 lokalitetar vart det sett ut reinsefisk.

I dei raude produksjonsområdene 3 (Karmøy til Sotra) og 4 (Nordhordland til Stadt) var det høvesvis fire og ni lokalitetar over grensa. Frå Stadt til Nord-Trøndelag med Bindal (PO 5, 6 og 7) var det totalt 16 over lusegrensa, medan dei resterande 18 raude lokalitetane var frå Helgeland og nordover.