No går leverandørane av kjemikalium i minus

Nyheter
1760

Kraftig redusert bruk av kjemisk behandling mot lus speglar seg i rekneskapa til leverandørane.

iLaks har gått gjennom resultata til selskapa som leverer produkter og tenester relatert til lusebekjempelse.

Hydrogenperoksid-leverandør Chemco mista 80,7 prosent av inntektene frå 2016 til 2017, og gjekk 15 millionar kroner i minus siste heile driftsår.

Alle tal i millionar kroner.

Nedgang
Årsaka er enkel: Ifølgje Folkehelseinstituttet gjekk bruken av kjemikaliet ned 65,1 prosent frå 2016 til 2017, og heile 78,6 prosent ned frå 2015.

Dagleg leiar i Chemco, Eivind Solheimsnes, ynskjer ikkje å kommentere saka overfor iLaks.

– Dette treng eg ikkje seie noko om, seier han til iLaks.

Verken rekneskapen, utviklinga i avlusingsmetodar eller framtida vidare ynskjer han å seie noko om.

Taper pengar
Chemcos næraste konkurrent, Aqua Pharma i Lillehammer, reduserte inntektene med 40,3 prosent i 2017, og gjekk 12 millionar kroner i minus. Dette er første året sidan 2007 at selskapet ikkje går i pluss.

Det har ikkje lukkast iLaks å få ein kommentar frå dagleg leiar i Aqua Pharma, Elvin Ronald Bugge.

Saka held fram under grafen.

Meir førebyggjande
Utstyrsprodusenten Plany leverer både luseskjørt og avlusingspresenning. Dei har hatt ein stabil auke i inntektene sidan 2012, men går noko ned frå 2016 til 2017.

– Me ser ein nedgang i sal av presenning, som vert benytta i kombinasjon med hydrogenperoksid, seier salssjef havbruk i Plany, Oddmund Grøttan, til iLaks.

– Det er bra sal av dei førebyggjande alternativa, som luseskjørt og rognkjekstare. Det er ei fin dreining i næringa at ein førebyggjer i staden for å vente til at det er naudsynt å behandle, seier han vidare.