Nesvik presentert som ny fiskeriminister

Nyheter
2605

Per Sandberg sin erstattar er klar. Det vart klart i ekstraordinært statsråd måndag ettermiddag.

Måndag morgon skreiv Aftenposten at dei har sikre kjelder på at Per Sandberg trekk seg som fiskeriminister måndag.

– Eg ynskjer Harald Tom Nesvik velkomen til regjeringa. Han kjem til oppgåva med brei røynsle innan norsk politikk og med næringa. Han kjenner den godt, sa Erna Solberg på måndagens pressekonferanse.

– Han er godt kjent med regjeringa sitt arbeid. Hav er ei prioritet i denne regjeringa, mellom anna for å skape berekraft, sa ho vidare.

Nokre timar seinare meldte VG at tidlegare parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, Harald T. Nesvik, tek over som minister. Det er no stadfesta.

Han kjem frå stillinga som samfunnskontakt i Sølvtrans.

Nesvik har lang politisk erfaring, og har òg studert Eksportmarkedsføring for fiskeri ved Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole tidleg på 1990-talet. I 1998 gav han ut boka Produksjonslære for fiskeindustrien saman med Otto Giskeødegård.

Frå 2009 til 2013 var han andre nestleiar i Næringskomiteen. Nesvik har teke del i ei rekkje andre delegasjonar, og har òg ei lang liste offentlege verv på cv-en.