FOTO: AkvaDesign

Nesten 10 milliardar til forsking og innovasjon

Nyheter
857

Regjeringa foreslår ei satsing på nærare 10 milliardar kroner til forsking og innovasjon i 2019.

– Regjeringa har høge ambisjonar for dei havbaserte næringene, vi skal ha vekst og auka aktivitet langs kysten. Det er viktig for regjeringa å støtte dei havbedriftene som ønskjer å investere i forsking og utvikling. Gjennom ei slik felles satsing mellom myndigheitene og næringslivet skal Noreg bli best på hav, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP).

I 2019-budsjettet foreslår regjeringa å bruke meir enn 9,7 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon. Inkludert i denne summen er Skattefunn-ordninga (som gjer bedrifter som driv med forsking og utvikling skattefrådrag), og skatteinsentivordninga som gjer skattefrådrag ved langsiktige investeringar i oppstartsselskap (Kapitalfunn).

– Om ingen skapar verdiar, kan vi heller ikkje finansiere velferda vår eller halde på arbeidsplassane våre. Nettopp derfor er regjeringa så oppteken av å auke løyvingane til næringsretta forsking og innovasjon, slik at bedriftene våre kan utvikle nye varer, tenester og løysingar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Vi har dobla satsinga på forsking og innovasjon i næringslivet sidan vi gikk i regjering i 2013. Det er 4,9 milliardar kroner meir enn for fem år sidan, og er ei historisk satsing, som vil bidra til eit grønare, smartare og meir nyskapande næringsliv, seier næringsministeren.

– Over 3 milliardar kroner av aukinga kjem som følgje av ein auka bruk av Skattefunn-ordninga blant norske bedrifter.