Nedgang for Kleiva Fiskefarm

Nyheter
1369

Fulgte ikkje opp rekordåret i 2016.

Selskapet, som driv samdrift med Gratanglaks, slo omsetnaden i 2016 med 10,6 prosent, men må ta til takke med ein resultatnedgang på 16,6 prosent.

Kleiva Fiskefarm og Gratanglaks har sju ordinære konsesjonar i tillegg til to grøne og to visningskonsesjonar.

Til saman slakter dei om lag 15.000 tonn årleg, ifølgje heimesidene til Kleiva Fiskefarm.

Kleiva Fiskefarm er ei familieverksemd, og vart starta opp av familien Arvesen frå Engenes i 1986. Deira hovudkontor ligg på Engenes i Ibestad kommune.

Det har ikkje lukkast iLaks å få ein kommentar frå dagleg leiar Marius Arvesen.