Nederlandske Henk (73) bygde «Seisund» i modell

Nyheter
787

Henk Nieuwendijk bygde sin 22. båt i modell då han nyleg ferdigstilte Brødrene Bakke sin avlusningskonge «Seisund» før helga.

– Det var ikkje enkelt, men det har vore artig å byggje den, seier Neiuwendijk til iLaks.

Sidan iLaks skreiv ein artikkel om Seisund i januar, har den entusiastiske nederlendaren sendt jamlege e-postar til iLaks med oppdateringar.

Før helga kom bileta som viste den ferdigbygde båten, med fire OptiLicer-ar, som kan avluse 450 tonn i timen.

– Dette har vore min lidenskap i 11 år, fortel 73-åringen til iLaks.

Neiuwendijk bur i Krommenie, ein liten landsby nordvest for Amsterdam.

Sjå bilete av «Seisund» i botn av saka.