Dagleg leiar for Marine Harvest si Færøyane-avdeling, Hans Jákup Mikkelsen‚ fryktar negative sider med ei oppdrettsnæring som sym i pengar.
– På Færøyane har det gått bra, men dødelegheita er på veg opp. No ligg den på om lag ti prosent, opp frå fem prosent tidlegare. Det går ikkje så bra her lenger, men me har vore betre enn både Norge og Skottland, seier Mikkelsen.

Vesntleg høgare kostnadar enn før
Frå selskapet, som opphavleg heiter Laxá, sitt hovudkontor i Oyndarfjørður på Færøyane, dysser han ned det nærast udelt positive biletet av oppdrett på Færøyane.
– Eg kan ikkje seie kva produksjonskostnadane våre er, men dei er vesentleg høgare enn tidlegare, seier han.
– Kostnadsauke fordi det går godt
Onsdagens Q3-framleggjing av Marine Harvest viser at dei på Færøyane får 2,8 euro/kg. Det er langt bak 3,46 euro/kg i Irland, men likevel heile 0,92 euro betre enn gjennomsnittet på 1,88 euro/kg.
– Framtida vil vise om pengane sit for laust, eller om det lønar seg. Me har ingen gjeld no, og alt er betalt.
– Ein behageleg situasjon, vel?
– Det skulle ein tru, men eg veit ikkje eg.
– Kvifor ikkje?
– Produksjonskostnadane går raskt opp. Det skjer fordi det går godt. Når ein har mykje pengar, så sit dei laust. Me gjer fleire investeringar, fleire avskrivningar og produserer fisk som ein ikkje hadde gjort om prisane var lågare, seier Mikkelsen.

Problem med rognkjeksproduksjon
Lusekostnadane er aukande, og Laxá bruker både rognkjeks, luseskjørt og HydroLicer mot parasitten.
– Me produserer rognkjeks sjølv, men det er nytt – og går ikkje så bra. Den har høg dødelegheit. Det går mykje ressursar til lusebehandling, seier han.
Likevel er han klar på dei biologiske fordelene ved oppdrett midt i havgapet.
– I Norge blir det kaldt og veldig varmt. Her er temperaturen stabil, og den svinger berre mellom seks og 11 grader. Det reduserer risiko for lus, AGD, og algeoppblomstring, seier Mikkelsen.
– Alle kan tene pengar
Slik er nøkkelen til ei positiv drift, ifølgje færøyingen:
– Om biologien er ok, er ein konkurransedyktig. Alt ligg i biologien, og det mest vesentlege er dødelegheit. Ein må strupe dødelegheita. Om den er låg, så har fisken det godt. Har fisken det godt, veks den fort. Veks den fort, er økonomien god. Alt heng saman.
– No går det godt, og alle kan tene pengar, føyer han til.