Framleis motvilje mot å utgreie den færøyske lakseskatt-modellen.
Høyringsrunda til regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt på havbruk er nå gått ut, og det er kome langt over 400 høyringssvar. Dei aller fleste av desse er kritiske til forslaget, og kritikken rettar seg både mot sakgangen, forslaget og det totalt skattepresset.
Fleire har i høyringa òg tatt til orde for at regjeringa må utgreie andre former for grunnrenteskatt enn den foreslåtte. Dette gjeld mellom anna Sjømat Norge og Sjømatbedriftene, som ber om at regjeringa utgreier ein alternativ modell som ein variant av den færøyske grunnrenteskatt-modellen. Dette er òg gjort gjeldande av Biomarint Forum. Dette består av LO med forbunda Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), Industri Energi, Fellesforbundet, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund. NHO med Sjømat Norge og Norsk Industri, samt Norges Fiskarlag og Fiskebåt.
Det er altså eit breitt spekter av næringslivs- , arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, samt sjømatbedrifter, leverandørbedrifter og fagarbeidarar, fiskarar, reiarlag og sjøfolk i den biomarine verdikjeda i Norge, som nå ber regjeringa utgreie og vurdere ein variant av den færøyske grunnrenteskatte-modellen. Det blir gjort gjeldande at ein slik modell på mange måtar vil vere betre for næringa, enn regjeringa sin. Vidare at ein slik modell vil kunne gi eit skatte-proveny likt det regjeringa meiner sitt forslag vil gi, altså om lag 3,65-3,9 milliarder kroner.
Regjeringa har så langt vore avvisande til forslaget. Mellom anna har Senterpartiet sin finanspolitiske talsperson Geir Pollestad avviser forslaget kontant, og eg har tidlegare hatt eit innlegg i iLaks om dette.
Sidan høyringsfristen nå har gått ut, nytta underteikna onsdagens spørjetime på Stortinget til å få finansministeren til å avklare om regjeringa nå likevel vil utgreie denne lakseskatt-modellen. Svaret må oppfattast slik at regjeringa framleis ikkje vil vurdere andre former for grunnrenteskatt enn den dei sjølve har lagt fram.
Finansministeren har tidlegare ordlagt seg slik at regjeringa har «invitert» havbruksnæringa til å bidra meir til fellesskapet. Men tanke på at næringa nå har kome med forslag om ein annan og betre modell – som til alt overmål vil gi like mykje skatteinngang som regjeringa meiner sitt eige forslag vil gi, meiner eg det vitnar om lite respekt for næringa å ikkje ein gang vil utgreie og vurdere denne modellen.
I nokre av høyringssvara kjem det fram at regjeringa sin modell vil gi eit skatteproveny som er tre gangar større enn det regjeringa hevdar, dvs at skattebidraget vil kome over ti milliarder kroner. Dette temaet har òg vore oppe tidlegare i haust, men fram til nå har regjeringa nekta å vise korleis dei har rekna ut sitt skatteproveny. Sidan finansministeren heller ikkje vil gi noko grunngiving for kvifor regjeringa vegrar seg for å utgreie ein alternativ modell, var det derfor nærliggande for meg å spørje om regjeringa sin motvilje hadde med dette å gjere. Heller ikkje det fekk eg noko svar på.