– Me treng meir å gjera enn berre hydrogenperoksid

Nyheter
856

Chemco fekk for alvor merke nedgangen i bruk av lusemiddel. Difor trappa dei opp satsinga på andre tenester til havbruksnæringa.

Selskapet har vore blant pionérane i utvikling og bruk av hydrogenperoksid til behandling av laks og aure. No ynskjer dei å ta teknologien vidare og tilby miljøvenlege løysingar for desinfeksjon.

Desinfisering
– Den eine går på desinfisering gjennom tåkeleggjing av produksjonsrom, og den andre metoden er elektrokjemisk aktivert vatn som desinfiserer, seier dagleg leiar i Chemco, Eivind Solheimsnes, til iLaks.

– Me snur oss alltid rundt. Då me selte som aller mest (i 2015), byrja me å jobbe med andre ting. Så fort me får tid og hovudet over vatn, byrjar me å jobbe. Det er ikkje noko nytt i det, seier han vidare.

TOMME TANKAR: I Askøy like utanfor Bergen står Chemco sine tomme tankar med hydrogenperoksid. Det illustrerer nedgang i bruken av lusemiddelet dei siste åra. FOTO: Ole Alexander Saue.

Massiv nedtur
I toppåret 2015 omsatte selskapet for 278,1 millionar kroner. Fordelt på dei fire tilsette, blir det knapt 70 millionar kroner per hovud. To år seinare, i 2017, var omsetninga nede på 35,3 millionar kroner, og selskapet gjekk 15,3 millionar kroner i minus.

– Salet gjekk ned raskare enn venta. Då eg vart tilsett for 2,5 år sidan, var det på topp. Me satt og snakka om at det ville gå nedover, og at me måtte få fortgang på prosjekta. At det skulle gå så fort ned, trudde me ikkje, seier biolog Jan Rune Nordhagen til iLaks.

– Alle endringar er utfordringar. Både når det aukar, og når det vert redusert. Ein må tilpasse seg slik det er og få ein struktur som gjer at det flyt. Me har ganske låge kostnadar. I utgangspunktet er det ikkje eit problem for oss å tilpasse oss ei låg omsetjing, seier Solheimsnes.

Gatekunst på veggane
I selskapet sin nyare «gullalder» har dei òg fått pussa opp dei gamle lokala som ligg i Marikoven på Askøy, like utanfor Bergen. I tillegg har dei investert i ei rekkje kunstverk av den kjente gatekunstnaren frå Bergen, «Joy».

Over alt i lokala heng det ulike grafittiverk av kunstnaren. Den mest treffande er likevel lusa med gassmaske som speglar dagens situasjon med legemiddelresistent lus.

GATEKUNST: – Her står det i eigentleg «svada» på det originale biletet, seier Jan Rune Nordhagen i Chemco, og peiker på den røde delen kor gatekunstnaren har teikna lakselus – eksklusivt for Askøy-selskapet. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Usannferdig bilete av hydrogenperoksid 
No vonar dei likevel at salet tek seg opp igjen, etter indikasjonar på at følsemda for hydrogenperoksid er på veg tilbake igjen.

– Men me er nok forbi toppåret. Me kjem ikkje tilbake dit, seier Solheimsnes.

Hydrogenperoksid har eit frynsete rykte hos både næringa generelt og oppdrettsmotstandarar. Nyleg fekk Sølvtrans refs i riksmedia for å ha dumpa lusemiddelet i viktige gytefelt for reke og torsk.

– Me tykkjer biletet av hydrogenperoksid er litt usannferdig. Det er ikkje eit kjemikalium tilsvarande dei vanlege legemiddela. Det er vatn med eit ekstra oksygenmolekyl, som er utruleg snilt, seier biolog Nordhaug. I torsdagens sak utdjuper han meir om testresultat knyt til hydrogenperoksid.

Jan Rune Nordhagen i Chemco. Her med kunst av gatekunstnaren Joy på veggane. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Meir miljøvenleg
Dei har jobba med kjemikalier i over 30 år. No vil dei desinfisere på ein meir miljøvenleg måte.

– For oss var det naturleg å bruke teknologien me sit med på desinfisering. Det vert nytta veldig mange sterke kjemikalie i desinfeksjon, og med våre kan ein nærast få ein kjemikaliefri desinfeksjon, seier Nordhaug.

HELT KONGE: Kunst av «Joy» på veggane hos Chemco. FOTO: Ole Alexander Saue.

Solheimsnes meiner deira nye løysingar for desinfisering er «ein liten revolusjon».

– Dette er løysingar for desinfeksjon på ein meir miljøvenleg og automatisert måte. Å bytte ut kjemikaliedesinfesering med elektrokjemisk vatn er ikkje dumt, seier Solheimsnes.

– Me har jobba med litt ymse dei siste to åra. Me treng meir å gjera enn berre hydrogenperoksid. Difor jobbar me vidare med andre produkt, seier han vidare.