– Me passerer nok fjorårets eksportverdi, men «magiske» 100 millardar er me meir usikre på

Nyheter
1232

Norges Sjømatråd har snudd frå januar-prognosane.

«Hvis vi ikke får økt tilgang til store markeder i 2018, er det lite sannsynlig at vi får en rekord i eksportverdi», vart administrerande direktør i Norges Sjømatråd, Renate Larsen, sitert på i januar.

Meir optimistisk
Det har ikkje skjedd. Rett nok har tilgangen til Kina-marknaden blitt betre, men ein er stadig langt frå nivå før Kina stengde for import av norsk laks etter fredprisutdelinga til den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010. Likevel trur Larsen no på ein passering av fjoråret.

– Om me passerer magiske 100 milliardar er me meir usikre på. Men at me passerer fjoråret, det skjer nok, seier ho.

Utålmodige eksportørar
Eksporten til Kina har teke seg opp, og restriksjonane mot Troms, Nordland og Sør-Trøndelag vart i juli oppheva. Men som iLaks tidlegare har skrive, er det fleire store selskap framleis er ekskludert frå det gode selskap.

– Eg tykkjer det er veldig bra at fleire forhold gjer at me får betre tilgang til Kina, men det er stadig ganske vanskeleg. Mange norske eksportørar er nok utålmodige for ein endå større tilgang til marknaden. Det er snakk om tid, seier ho.

I 2017 vart det eksportert for 94,5 milliardar kroner. I haust repeterte Sjømatrådet målet om «magiske 100 millardar» i eksportverdi.

Gunstig valuta i 2018
– Om me ikkje får auka tilgang til store marknader i større grad i 2018, er det lite sannsynleg at me får ein rekord i eksportverdi, sa Larsen til iLaks 8. januar i kjølvatnet av Sjømatrådet sin årstalspresentasjon for 2018 på Radisson Blu Plaza i Oslo

I dag seier kommenterer ho utsagnet slik:

– Då eg sa det var det med bakgrunn i ulike vurderingar gjort av vår innsiktsavdeling og vår scenario-modell. Med den informasjonen me la til grunn då, så var det vår prognose. Det er mange forhold som påverkar pris og volum av sjømat ut frå Norge og difor alltid spanande å sjå om me treff på anslaga på eksportverdi frå Norge, seier Larsen.

– Det som har påverka at me likevel trur på rekord utan større tilgang til andre marknadar, forutan at Kina byrjar å lausne, er at me har hatt ein prisauke på torsk, og så ser me at prognosen på lakseveksten i Norge er litt lågare enn då me gjekk inn i året. Det slår positivt ut på prisen. I tillegg har valutaen vore veldig gunstig for all norsk sjømat, spesielt mot Euro.

Russland
Andre store land kor Norge har ingen eller avgrensa tilgang til er Russland og India. I 2013 var Russland blant dei aller største importørane av norsk laks. Då Norge, med EU, hausten 2014 innførte strenge sanksjonar mot Russland, svarte naboen i aust med å stogge import av matvarer frå EU, USA – og Norge. Sanksjonane kom som følgje av annekteringa av Krim-halvøya i Ukraina.

– For sild, laks- og auremarknaden ville det hatt stor betydning om marknaden opna seg. Det vil leggje enno større press etterspurnaden, og dermed prisane. Me er likevel ikkje kjent med at det vil opne seg med det første, seier Larsen.

Frihandelsavtale med India
– Korleis ser de på India, etter ei prosjektsatsing som ikkje gjekk etter planen?

– India er òg kjempespanande, men det vil ta tid før det vert nokre større volum frå Norge. Me har hatt ei prosjektstilling der i to år, men vil framover følgje India opp frå Norge. Det vert framleis jobba med ein frihandelsavtale og det er stadig ein del utfordringar knyt til marknadsadang, så det vil ta tid.