– Me har vore for fornærma og sjølvgode

Nyheter
827

I andre episode episode av «Industrihøvdingen» fortel styreleiar i Marine Harvest, Ole-Eirik Lerøy, si historie.

Han var berre sju-åtte år då han byrja å jobbe for Lerøy, som han seinare var konsernleiar for i 17 år.

– Det var mykje kontantar i omløp på den tida. Eg gjekk i banken med store pengesummar. Var pengesummane ordentleg store, var stresskofferten bytta ut med ein berepose med konvoluttar på sida, så dette ikkje skulle sjå så seriøst ut, seier Lerøy.

  • SJÅ FØRSTE EPISODE: Olav Svendsen jr.
  • Neste episode av «Industrihøvdingen» kjem neste måndag klokka 20.00.

Etter å ha vore styreleiar i familieselskapet Lerøy Seafood frå 1991 til 2008, selde Lerøy seg ut etter at Austevoll Seafood gjorde eit fiendtleg oppkjøp av selskapet.

– Det meste hadde skjedd etter min regi fram til den situasjonen. Å oppleve noko ein ikkje hadde regi på, var ei tøff erfaring eg ikkje hadde rekna med, seier Lerøy om situasjonen.

Vidare fortel han om då tilbodet dukka opp frå Marine Harvest.

– Det berre eit par dagar før eg vart kontakta av hovudaksjonær i Marine Harvest. Me hadde nokre samtalar kort tid etterpå, før eg gjekk inn i styret som nestleiar, seier han.

Den karismatiske oppdrettsveteranen snakkar òg om utviklinga av oppdrettsnæringa, og korleis problem bør løysast overfor styresmakter.

– Eg tenkjer at næringa må kome ut av kortbuksa på rekordtid. Me er heilt avhengig av å skape forståing for næringa si betydning til leiande politikarar, Finansdepartementet, og ei lang rekkje krefter som har meld seg på, seier Lerøy.