«Me er det mest komplette verftet i Norge…men, ikkje la dette bli overskrifta»

Nyheter
2228

Det går godt på Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) om dagen. Verftsdirektør Hugo Strand er likevel audmjuk, og meiner dei har gjort mange viktige grep for å betra økonomien.

Strand er ingen typisk sunnhordlandsk verftsdirektør. Han går ikkje i finskjorte, finpussar ikkje språket fordi ein journalist er til stades, og pratar heller ikkje om «leverandørindustri i verdsklasse».

– Ein kunne ha skrive ei stor lærebok om korleis ein taper pengar på skipsbygging. Den boka hadde blitt feit!, ler Strand, og legg til: – Me har gjort det ganske bra over tid, og har klart å veksa.

I oktober 2007 kunne ein i lokalavisa Sunnhordland lesa at Fitjar Mekaniske Verksted sleit økonomisk, og var på randen til å gå konkurs. Så bestemte eigarane for å sprøyta inn 40-50 millionar kroner i verftet, for å styre unna konkursen. Rundt same periode vart nordlendingen Hugo Strand tilsett som direktør. Sidan har det gått éin veg, og hjørnesteinsbedrifta på Fitjar har levert positive resultat kvart år sidan 2008.

– Då eg kom inn for ti år sidan hadde dei store problem og hadde teke på seg for mykje arbeid. Folk på Fitjar mek. kunne bygge bra båtar, men dei klarte ikkje tene pengar på det. Prosjektgjennomføringa var for dårleg, seier han.

Han trivst med FMV sin posisjon som ein viktig arbeidsplass på Fitjar. Likevel er han ikkje oppteken av omtale, status, reklame og å slå seg på brystet kvar gang ein kontrakt vert underskriven.

Hugo Strand, verftsdirektør på Fitjar Mekaniske Verksted.

Vekk frå offshore
Det var ei radikal kursendring rundt tiårsskiftet som snudde alle trendar på det vesle verftet som held til på Fitjar, ein liten kommune med om lag 3000 innbyggjarar, på øya Stord, i Hordaland.

– I 2009 eller 2010 bestemte me oss for å satse på havbruksnæringa. Valet var å ikkje prioritere offshore-segmentet, så sett i ettertid var me heldige med det valet. Slik såg det ikkje ut på den tida. Offshore-næringa blomstra for fullt, seier han.

Har de hatt flaks?

– Hmm. Det var jo eit gjennomtenkt val me gjorde, men til ein viss grad har me nok hatt flaks, ja, vedgår Strand.

– Det var òg betraktningar rundt kva me var gode på, og kva me kunne få til.

På desse åra har dei nesten dobla arbeidsstokken, frå rundt 45, til 80. – Når ein er 45 tilsette, kan ein ikkje bygga ein båt til tre milliardar. Det er ikkje slik det fungerer, seier han.

– Me heldt fram med fiskeri, som me alltid har gjort, så byta me ut offshore med havbruk. No bygger me alt mogeleg. Brønnbåtar, prosessbåtar, arbeidsbåtar, snøkrabbebåtar og spesialbåtar for til dømes Kystverket. Det meste er relatert til fiskeri og havbruk, seier Strand.

På Fitjar Mekaniske Verksted går det bra om dagen. I fjor omsette dei for over ein halv milliard kroner. FOTO: Ole Alexander Saue.

Full pakke
I tillegg til at dei retta blikket mot oppdrettsnæringa, inngjekk dei eit samarbeid med Fitjar-baserte Heimli Ship Design. No føregår alt frå design og planlegging til ferdigstilte båtar på det vesle verftet.

Slik skil dei seg ut frå andre verft som stort sett spesialiserer seg innan anten vedlikehald eller nybygg. FMV gjer begge deler.

– Fitjar Mekaniske Verft, saman med Heimli, er det mest komplette verftet innan havbruksnæringa i Norge. Det er okei å tenkja på, seier ein audmjuk Strand.

– Til å vera så små, gjer me veldig mykje, legg han til.

– Skipsbygging er komplisert. Finansiering, design, engineering, skrogbygging, innkjøp, testing…enormt mykje. No føregår all verdiskapinga på Fitjar. Det er ulikt dei aller fleste verft i Norge.

Det føregår mykje utbygging på Fitjar Mekaniske Verksted. FOTO: Ole Alexander Saue.

Utvidar
Situasjonen på dagens Fitjar Mekaniske Verksted kunne knapt vore meir annleis enn for ti år sidan. Økonomien er snudd på hovudet, Hugo Strand styrer skuta med stø hand, verftet vert ombygd og dei har i tillegg utvida tenestespekteret.

– Me kjem òg til å gå i pluss dette året. Det er eit bevis på at ein gjer mykje rett, spesielt når mange andre verft slit, seier han.

– Medan andre liknande verksemder på Fitjar har gått i dass, har FMV klart å auka, seier han.

No skal dei «ommøblere» verftet, flytte på produksjonshallar og brakker, og i tillegg investera i nye kraner.

– Grunnen til at me gjer det er at me ynskjer å effektivisere både vedlikehald og nybygga. Me skal òg i gang med større nybygg enn det me har bygd tidlegare, seier han.

I løpet av dei ti siste åra har dei investert i nærare 200 millionar, skal me tru verftsdirektøren. Å utvikle eigen design- og engineeringavdeling er openbert dyrt.

– Arbeidet me tek på oss må gjerast godt. Det er det viktigaste for å halda oss konkurransedyktige, seier Hugo Strand i Fitjar Mekaniske Verksted.

Teknologisk utvikling i akvakultur
Det er liten tvil om at akvakulturnæringa er i teknologisk utvikling. Dei store spørsmåla handlar ofte om handtering av fiskehelse, lus og rømming. Aldri før har det vore meir fokus på høgteknologiske løysingar – både på land og til sjøs.

– Den første arbeidsbåten me leverte i 2011 var 14 meter lang, og ti meter brei. Ser ein på dekket på båtane me lagar no er vinsjane, kranane…alt, mykje større og kraftigare. Det kjem mykje «fancy» utstyr som aukar tryggleiken og kapasiteten. Det heng jo saman med behovet i oppdrettsnæringa, seier han.

– Me trur at prossessbåtane vil ta ein del av marknaden som brønnbåtane har no. Det er veldig mange fordeler med dei båtane. Det er ein del fisk som døyr under transport, seier Strand vidare.

Vekst
I 2016 omsette FMV for 567 millionar kroner, og hadde ein driftsmargin på 7,7 prosent. Strand er stadig positiv, og trur dei vil oppnå liknande resultat i 2017.

Har design-biten vore ein nøkkel for dykk?

– Éin av mange andre. Det er vanskeleg å seia kva som er viktigast, seier han.

Korleis held de dykk konkurransedyktige?

– Arbeidet me tek på oss må gjerast godt. Det er nummer éin. Gjer ein det bra, tener ein pengar på det. Å gjere eit godt arbeid er den beste marknadsføringa. Det er ingenting som slår det. Ein kan ha så mange fine brosjyrar og stempel og alt slikt, men å gjera eit godt arbeid er det viktigaste, seier Strand.

Vanskeleg verftsindustri
Måndag kunne ein på iLaks lese at Kleven-verfta i høvesvis Ulsteinvik og Sande slit økonomisk. Det er ikkje det einaste verftet som har hatt trøbbel med økonomien i det siste.

Årsaka til at fleire verft har det vanskeleg kan vera så mangt, ifølgje Strand.

– For det første er det veldig stor risiko knyt til skipsbygging. Offshore-reiarlaga klarar ikkje å ta inn båtane (som følgje av nedgang i oljebransjen, journ. anm.), så dei sit igjen med båtar og tapar enormt med pengar på det.

– Ein annan grunn er at andre kan ha vore for optimistiske på prisinga si, og at dei har trudd dei var betre enn dei er og har fått problem undervegs, seier han.

Like før iLaks’ utsendte forlèt kontorlokalet til Strand, byrjar han igjen å prate om at det for FMV aldri har vore naudsynt å stikke seg fram her og der som noko meir enn dei er: eit skipsverft.

– Me ynskjer til dømes ikkje overskrifter om at «me er Norges mest komplette verft», men det bestemmer du sjølv…