Marknaden for PD-vaksine snudd på hovudet. No har Pharmaq 66 prosent marknadsdel

653

For halvanna år sidan brøyt Pharmaq monopolet på PD-vaksine, og har no blitt den foretrukne produsenten.

– Me er nøgd med at det har blitt sånn, og det har nok litt med å gjere at kundane ikkje har vore nøgd med PD-vaksina som var på marknaden før oss, seier Bernt Martinsen, salsdirektør i Pharmaq, til iLaks.

Ifølgje statistikk iLaks har fått tilgang til, har Pharmaq no 66 prosent av PD-vaksine-marknaden. MSD har 21 prosent, medan Elanco har dei resterande 13.

Bernt Martinsen i Pharmaq. FOTO: Pharmaq.

– Når noko nytt kjem, skal det prøvast ut
I tillegg til Pharmaq, har Elanco komen på marknaden med si DNA-vaksine, prøvd av mellom andre Alsaker Fjordbruk.

– Elanco kjem med ei tredje vaksine, så no vil det bli konkurranse frå dei òg. Det må me leve med. For næringa er det positivt. Det er førebels ingen feltdata for denne vaksina. Effekt mot PD vil bli avgjerende for kor stor marknadsdel denne vaksina vil ta framover, seier Martinsen til iLaks.

Sjef for MSD Animal Health, Dafydd Morris, er ikkje overraska over utviklinga i marknaden.

– Oppdrettarane kan no velje fritt i vaksiner, og utvalet er mykje breiare. Eg har arbeidd i denne næringa over heile verda, og denne bransjen er veldig framoverretta og innovative samanlikna med andre. Når noko nytt kjem på bana, skal det prøvast ut, seier Morris til iLaks.

– Positivt med utvikling
Midt-Norsk Havbruk (MNH) er blant selskapa som har prøvd Pharmaq si vaksine.

Torolf Storsul, veterinær i Midt-Norsk Havbruk. FOTO: MNH

– Me vaksinerte den siste generasjonen med Pharmaq si PD-vaksine, men me har ingen langsiktig strategi på kva me bruker fast. Det er ei totalvurdering frå gang til gang, seier MNH-veterinær Torolf Storsul til iLaks.

– Det er alltid positivt at det skjer ei utvikling, og eg tenkjer at fleire aktørar på marknaden bidreg til auka press på utvikling. Det er spanande og bra at det kjem fleire aktørar inn. Det skapar utvikling, og me er på jakt etter gode løysingar, seier han vidare.

– Me vil jobbe hardt
No trappar Morris og MSD opp kundestøtta si for å vise kunden at dei bør vere det foretrukne valet.

– Me er 100 prosent trygge på produktet, laget og tenestene me tilbyr, seier han.

– No vil me jobbe hardt for å gjenvinne kundane og marknadsdeler. Me er nøydd til å kartleggje resultata våre, og oppdrettarane er nøydd til å sjå korleis vaksinene presterer. Det kjem til å ta tid, seier han.

Saka held fram under biletet.

Dafydd Morris, dagleg leiar i MSD Animal Health. FOTO: Aslak Berge.

Ingen påvisningar med DNA-vaksina enno
Det tar nemleg lang tid å kartleggje resultata av ei vaksine. Der gjenstår det enno mykje arbeid både for Elanco og Pharmaq.

Veterinær i Alsaker Fjordbruk, Kari Lillesund, fortel at det er tidleg å seie noko om effekten av DNA-vaksina til Elanco.

– Me har ikkje fått andre indikasjonar enn at det går bra, men me har heller ikkje fått PD på lokaliteten generelt. Det går bra med fisken, seier ho.

– Det går som regel fint fram til me byrjar å handtere den mot lus. Førebels held me lusetala nede med leppefisk, så me må nok vente til lenger ut på hausten før me ser resultat, seier ho vidare.

Dødelegheit med Pharmaq-vaksina
Martinsen i Pharmaq fortel at dei har fått ulike resultat med deira PD-vaksine.

– Det har vore nokre påvisningar av PD, og nokre anlegg har hatt litt dødelegheit. Me får summere opp når sommaren er over, men alt i alt er me rimeleg positive, seier han.

– Me har tru på at vår vaksine er betre, og så gjenstår det å bevise at den er det under vanlege produksjonsforhold. Me har enno ikkje fått gjennom ein heil generasjon til slakt enno, så vi må vente med den endelege konklusjonen angåande effekt.